Born ser på fisk i laksestudio
Aure i laksestudio © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Utstilling i laksestudio
Utstilling © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Noregs første Laksestudio

Fjell
Fiske
Foss/elv

Laksestudio ved Sandsfossen sto ferdig i 1988, som Noregs første. Her kan ein sjå inn i det femte trinnet på laksetrappa på venstre side av Sandsfossen, der laksen blir halden i 24 timar før den blir sleppt vidare opp elva. I gjennomsnitt er det 2-3000 laks og aure som nyttar seg av denne trappa kvart år. Laksestudio fortel historia om laksen, Suldalslågen og krafta i Suldal.


Laksen

Suldalslaksen,som ofte går under namnet Salmo Suldal, er villaksstammatil Suldalslågen og er spesielt kjend for stor gjennomsnittsstorleik. Laksen har sett Suldal på både det nasjonale og det internasjonale kartet som ein følgje av stridar rundt lakserettar, internasjonal lakseturisme og flyande menneske i overlevingsdrakter på jakt etter naturopplevingar.

Suldalslågen

Suldalslågen er vestlandets mest vassrike elv, og strekk seg 22 km frå Suldalsvatnet til Sandsfjorden. Elva er eigd av grunneigarane langs elva og har gjennom alle tider vore eit grunnlag for inntekter, spenning og glede, men også sorger og store spørsmål. Etter Røldal-SuldalKraft og UllaFørre-utbygginga blei elva regulert. Vassføringa vert regulert av Statkraft Energi AS i samsvar med vedtatt manøvreringsreglement med fleire flaumar gjennom vår og haust.

Krafta

Suldal er Noregs kraftstabbur som eit resultat av Røldal-Suldal Kraft utbygginga på 1960-talet og Ulla-Førre utbygginga på 1980-talet. Ulla-Førre er Nord-Europas største kraftverksanlegg med 2000 MW installert kapasitet. Prosjektet består også av Noregs største energimagasin (Blåsjø), kraftstasjon i forhold til effekt (Kvilldal), pumpekraftstasjon (Saurdal) og damanlegg. Saman viser desse verka stor ingeniørkunst og kraftarkitektur, og har gjort Suldal til ein viktig aktør innan for rein og fornybar energi.

Opningstider

15. juni – 19. august.: 11:00–19:00

20. –31. august: 12:00–16:00

1–30. september: 12:00 –16:00 på laurdagar og søndagar

 

Billettprisar

Vaksne:  40 NOK

Born og honør:  30 NOK

Born under 4 år: Gratis

Rabatt for familiar.

Ein kan få guida turar i laksestudio for grupper.

Ta kontakt med turistinformasjonen for meir informasjon.

console.log(true);