Litunet
Litunet © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Litunet
Litunet © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Litunet Klyngetun

Kunst & handverk
Arkitektur
Foss/elv

Høgt oppe i lia, med panoramautsikt over Hylsfjorden i Suldal, ligg garden Li – nesten 300 stupbratte meter opp frå fjorden.

I gardstunet er det 13 bygningar frå 1700- og 1800-talet, som rommar mykje gamalt gjenstandsmateriale. Samansettinga av bygningar til ulike formål gir tunet eit middelalderpreg, samstundes som bygningane er reist ved hjelp av handverkstradisjonar som peikar langt tilbake i historia. Tunet er blant dei mest verneverdige gardstuna i denne delen av landet, og er såleis av nasjonal interesse. Riksantikvaren freda Litunet i 1974. Landskapet rundt Li er eit karakteristisk vestlandsk kulturlandskap med små åkerlappar, steingjerde og rydningsrøyser.

I opningstida vil du møte eit hyggeleg vertskap, og det blir servert kaffi og vaflar. Kom gjerne innom tunet utanom opningstid og nyt nista mens du ser utover Hylsfjorden. Gjennom sommarsesongen 2019 held Litunet ope, med vertskap, i perioden mellom 2. Juli til 11. August, Tysdag til Søndag kl. 12.00 - 16.00. Velkommen opp i lia! 

console.log(false);