Picture of hiking Napen in Suldal
Napen © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto
Picture of hiking Napen in Suldal
Napen, Suldalsheiane © Statens Vegvesen. Foto: Rune Roalkvam

Napen - På Rogalands tak

Fjell
Vandring
Vandring: Krevjande

Napen ligg mellom Stranddalen og Sandsa. Herifrå kan du verkeleg føle at du er på Rogalands tak. Utsikten er praktfull i alle retningar.

Napen kan du besøkje på dagstur eller leggje den inn som ein topptur på overnattingstur mellom Sandsa og Stranddalen.

Turen er også mogleg å gå om vinteren, og er populer som topptur med ski om våren.

Alternativ 1:

Kjør forbi Sandsavatnet. Fortsett på anleggsvegen til du byrjar på nedkjøringa mot Nedre Moen. Herifrå går ein umerka sti opp til Buarekvelven. Her er eit rikt planteliv med mange kalkkrevjande artar. Du møter merka sti frå Sandsa ved Midtskardet, og frå skaret er det vera ein avstikkar opp på Napen 1350 moh. Du kan forlenge turen ved å gå litt lenger retur. Då følgjer du stien vidare til Lånene og tar her av frå den merka stien. Gå rett sørlig mot Nibbesteinheia og ned til parkering nede på Blåsjøveien.

Tid: 5 timar

Avstand: 4 km.

Gradering: Krevjande (Raud)

Høgste punkt: 1350 moh


Alternativ 2:
Sandsa –Stranddalen (om Napen). Følg ruta frå Sandsa fram til Steinstølen der du parkerer ved Osane. Turen startar ved å kryssa elva som kjem frå Svinstølvatnet og Grunnavatnet. Vidare oppover til Lånestølen og vidare til Midtskaret. Frå skaret er det vera ein avstikkar opp på Napen. Vel nede igjen kan du velje å følgje merka sti til Stranddalshytta, eller gå tilbake til Sandsahytta.

Tid: 5-6 timar

Avstand: 7 km.

Gradering: Krevjande (Raud)

Høgste punkt: 1350 moh

Tilkomst: Med bil tar du av frå Rv 13 mot Blåsjø. Kjør fram til Sandsavatnet.