Ryfylkemuseet
Ryfylkemuseet © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto
Leik på Kolbeinstveit
Leik i Nesasjøhuset © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto

Mangfaldig kulturliv på Nesasjøhuset

Arkitektur
Kunst & handverk
Utstilling

Nesasjøhuset er eit restaurert båthus som nå fungerer som hovudsete for Ryfylkemuseet si aktivitet i heile regionen. Bygget ligg sjarmerande til ved Hydrokaien i Nordenden av Sand sentrum.

I første etasje finn ein museumskafèen der ein kan få seg kaffi, te og vaffel til fantastisk fjordutsikt som kjem så nært på at ein nesten kan dyppe foten nedi vatnet. I lokale finn ein også musumsbutikken der ein sel lokal litteratur som bygdebøker, temabøker og mykje meir. Fleire av verka er produsert av dei tilsette på huset. Ein finn også kunst og ulikt handverk av lokale kunstnerar og proffesjonelle i Ryfylke.

I andre og tredjeetasje kan ein få med seg følgjande utstillingar:

Kvitebjørnen (fast utstilling)
Kviebjørnen er ei interaktiv utstilling  dei born i alle aldrar. Her kan ein kle seg ut som konge og dronning, danse i speglsalen, klatre i borga og helsa på sjølvaste Kvitebjørnen. Ein kan også høyre spanande eventyr fortalt. Utstillinga er inspirert av eit eventyr av den lokale forfattaren Rasmus Løland.

Vandreutstilling
I utstillingslokale i andre etasje av Nesasjøhuset held ein ulike utstillingar gjennom året. På denne måten er det alltid noko nytt å oppleve på museet! Informasjon om utstillinga som står der til ei kvar tid finn du på ryfylkemuseet.no.

Opningstider for Nesasjøhuset finn du på Ryfylkemuseet.no eller under vår oversikt over opningstider under «Bli inspirert».

Ryfylkemuseet held også ei rekke andre musumstun som Kolbeinstveit, Litunet, Røynevarden og mykje meir. I løpet av året held dei ulike tun opne for besøk med guiding. Meir informasjon om dette kan ein finne på deira nettsider.

Ryfylkemuseet er eit Miljøfyrtårn.

console.log(false);