Picture of hiking in Suldal
© Skattkammeret Suldal Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto
Picture of hiking in the Suldal mountains
Onglanuten, Gullingen © Skattkammeret Suldal Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto

Topptur til Onglanuten

Fjell
Vandring
Vandring: Middels

Toppturen til Onglanuten er ein flott oppleving for heile familien. På nedfarten kan ein stoppe innom Perskårfossen for ein forfriskande dusj!

Ein parkerer bilen ved Neiken, som er parkeringsplassen ved vegen når ein kjem over platået etter stigninga opp mot Gullingenfjellet eller ved parkeringsplassen like ved avstikkaren mot Gullingen Turistsenter. Herifrå følgjer ein vegen opp mot Stavastolen, før ein tek av på stien som tek deg på rundtur rundt Skute. Når du er nord for Svartavatnet tek du lettaste vegen opp mot toppen av Onglanuten. På veg tilbake tek du vegen ned like ved Perskårsfossen.

Ein kan også gå opp ved Perskårsfossen om ein ynskjer ein kortare tur, men dette er meir krevjande.

Tid: 2-3 timar

Avstand: 7 km

Kategori: Middels (blå)

Høgste punkt: 760 moh

Tilkomst: Frå Rv13 mot Blåsjø.