Bilde av Ostasteidn ved Nasjonal Turistveg Ryfylke
Ostesteidn © Statens Vegvesen. Foto:Per Ritzler
Utsikt ved Ostasteidn ved Nasjonal Turistveg Ryfylke
Ostesteidn © Statens Vegvesen. Foto: Fredrik Fløgstad

Ostasteidn rasteplass

Fjell
Nasjonal Turistveg Ryfylke

På vestsida av Sandsfjord bru, like etter Sandsfjord bru, finn eit den spektakulære rasteplassen og utkikkspunktet Ostasteidn som er ein del av Nasjonal Turistveg Ryfylke. I sentrum av området finn den skadeskutte steinen, Ostasteidn, som med tida vil bli dekt med mose. Ein finn også to flotte utkikksplassar, fleire sitjeplassar, toalett og fantastisk utsikt over Sandsfjorden og fjordlandskapet rundt. Området er tilpassa rullestolbrukarar.

Ostasteidn er inspirert av måleria til Lars Hertevig, som ofte lot seg inspirere av naturen i Ryfylke i sine verk. Den lada stemningen i Hertervig si billedverd er henta inn i arkitekturen, frå dei tidlege tunge og dystre oljemateria til dei seinare, lysare akvarellane. Hertervig sin særskilde måte å bruke lys på og drømmeaktige landskap set også sitt preg på stoppet.

Området er teikna av arkitektkontoret KAP. I 2019 vann Betongelementprisen for arbeidet med Ostasteidn. Les meir om prisen her.

console.log(false);