Picture of Røynevarden croft
Røynevarden © Ryfylkemuseet Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto
Picture of Røynevarden croft
Tradisjonshandverk © Ryfylkemuseet

Røynevarden husmannsplass

Kunst & handverk
Arkitektur
Utstilling

Like ovanfor Suldalsvatnet med nydelig utsikt til Bråtveit og Suldalsheiane ligg husmannsplassen Røynevarden. Som husmannsplass kan bustaden daterast tilbake til ca. 1805.

Alt kan synast smått på Røynevarden, men plassen var blant dei beste i Suldal. På det jamne var det mogleg å fø to kyr, fem geiter og nokre sauer. Poteter vart avla til husbruk og korn vart sådd på dei mange åkerlappane. Høy blei slått og samla i liane og i heiane.

Det er i alt seks hus på Røynevarden; to stovehus, løe, sauhus, geithus og eldhus. Den eldste stova, røykstova, eller rotastova som ein seier i Suldal, er truleg frå 1820-åra. I denne stova budde det folk like til 1893, men då familien blei for stor fekk ungane sova på sauhuslemen. Plassen vart sjølvstendig småbruk i 1915 og fråflytta i 1946.

Dra på oppdagingsferd med din eigen omvisar på mobilen. Med Ryfylkemuseet sin gratis museumsapp Ryfylkemuseet (last ned her) blir du gjennom informasjon/historiar/bilder/forteljingar betre kjent med staden du er på.

Røynevarden ligg langs riksveg 13 mellom Suldalsosen og Nesflaten. Det går ein sti opp frå vegen (ca. 200 m). Ta med nistepakka og nyt den flotte utsikta over Suldalsvatnet.

I sommarsesongen 2019 er husmannsplassen ope og tilgjengeleg døgnet rundt for besøkjande. Inne i løa er det også ei flott utstilling! 

console.log(false);