På den rolege rundtturen ved Høsebrua og oppover Suldalslågen får du med deg elveliv og flott arkitektur.
Høsebrua finn du i Larvika på Sand, på andre sida av hølen frå Laksestudio. Her tar du turen over brua medan du ser vatnet bruse under beina, før du tek til på traktorvegen langs Suldalslågen mot Gåsavika. Her passerer du industriområdet før du går over kjørebrua og ned den gamle vegen mot Sand til venste over vegen når du er over Suldalslågen. Fleire stader langs vegen er det tavler som fortel deg om livet ved elva.
Høsebrua er teikna av Rintala Eggertsson Architects, og vann pris for "Bridge of the Year".
Tid: 1 time
Avstand: 5 km
Kategori: Lett (grøn)
Høgste punkt: 50 moh
Tilgang: Med bil til Sand.