For dei som ynskjer ein avslappande utflukt er ein spasertur gjennom Strandstaden Sand eit godt alternativ.
Parker bilen ved parkeringsplassen i Larvika før du spaserer oppover forbi Sandsfossen. Herifrå går du gjennom Sand sentrum med flotte trebygg og små, lokale butikkar. Kanskje vil du også ein tur innom Nordenden som er eit av dei best bevarte områda på Sand. I enden av gata finn du ei badestrand og Ryfylkemuseet med utstillingar, kafe og museumsbutikk. Turen tek det vidare opp bilvegen forbi daglegvaren Bunnpris før du tek til høgre like før bilbrua over mot Garaneset og Tjelmane. Her tek du gamlevegen langs Suldalslågen tilbake til Larvika.
Tid: 1 time
Avstand: 2,5 km
Category: Enkel (grøn)
Høgste punkt: 50 moh
Tilkomst: Med bil til Sand.