Laksesafari
Laksesafari © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Laksesafari
Laksesafari © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Laksesafari - Flyt ned elva med fisken

Foss/elv
Fiske
Fjell
Symjing

På Laksesafari med Mo Laksegard flyt du nedover Suldalslågen i tørrdrakt og dykkarmaske. Er du heldig får du eit glimt av laksen på veg opp elva!

Oppmøte er ved Mo Laksegards hovudsete i Sandsbygda. Her får du på deg tørrdrakt og dykkarmaske før du prøver utstyret i bassenget. Det er kort veg frå laksegarden ned til Suldalslågen, som er vestlandets største elv. Det er ei fantastisk følelse å stige ned i den mektige elva før ein flyt nedover med straumen på utkikk etter glitrande sølv i form av laks på veg opp elva for å gyte. Ein har alltid med seg ein erfaren guide og padlerar som fortel ein lokale historier om elva, fisken og bygda. Halvvegs stopper ein ved elvebreidda for pannekaker og kaffi.

Ein kan kombinere turen med eit besøk til Laksestudio.

Laksesafari tilbys grupper på mellom 6-30 personar.

Pris: 790 NOK per person

Tid: 2.5 timar

Alle deltakarar må vera minst 14 år gamle og kunne symje.