Bilde av naturlandskap
© Skattkammeret Suldal. Foto: Privat
Bilde av naturlandskap
© Skattkammeret Suldal. Foto: Privat

Støladalen til Finnabuvatnet

Sykkel

Ein sykkeltur innover Støladalen frå Nesflaten tek deg 830 meter opp i høgfjellet der du kjem tett på flott natur og storslage damanlegg.

Sykkelturen startar i grenda Nesflaten med høge fjellveggar og Rogalands største innsjø, Suldalsvatnet, som næraste nabo. Frå FV691 tek ein av oppover fjella mot Støladalen der du følgjer ein smal grusveg store deler av den 11, 3 km lange strekninga inn til Finnabuvatnet.

Vegen blei laga under Røldal Suldal Kraft – utbygginga på 1960-talet, som var Noregs største industriprosjekt i si tid. Her kjem ein tett på flott natur med høge fjell, sildrande bekkar og flotte utkikkspunkt. Når ein kjem opp i høgda vil ein passere langs Vasstølvatnet før ein kjem opp til Finnabuvatnet. Området eignar seg til vandring, fiske og bading. Hugs å kjøpe fiskekort og lese deg opp på lokale reglar før du startar fisket.

Fakta om turen:

·     Km: 11,3

·     Høgemeter: 830 m

·     Gjennomsnittleg stigning: 7%

·     Startspunkt: Nesflaten

·     Tunnelar: Nei

Støladalen til Finnabuvatnet
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(false);