3D frå Suldal Bad
Jacuzzi med fjordutsikt © Suldal Bad
3D frå Suldal Bad
3D av Suldal Bad © Suldal kommune. Foto: Asplan Viak

Utandørs boblebad, klatrevegg, sklier og kiosk ved Suldal Bad

Symjing

Suldal Bad er eit naturleg samlingspunkt for heile familien og ligg godt til rette på ei av dei flottaste tomtene i kommunesenteret Sand med fantastisk utsikt over fjorden og eit rikt naturlandskap. Anlegget tilbyr eit stort hovudbasseng, barnebasseng, terapibad, utanførs boblebad, badstue, klatrevegg, sklie og mykje meir. Suldal Bad er det perfekte folkebad, attraksjon og aktivitetsparadis for både store og små, fastbuande og turistar. Ein finn gratis og gode parkeringsplasser ved inngangspartiet.

Ved Suldal Bad finn ein følgjande fasilitetar:

Hovudbasseng

Badet består av eit hovedbasseng som er 25 x 12, 5 meter. Dette bassenget har 6 baner og her vil temperaturen vera 28 grader.

Barnebasseng

Vårt barnebasseng har ein temperatur på 34 grader, og er ein behageleg plass der våre minste gjester kan nyta leik og moro. Bassenget går frå 15 cm til 30 cm på det djupaste med fontene og ei flyttbar sklie.

Terapibadet

I velværeavdelinga er det eit terapibasseng som held ein temperatur på 34 grader. Bassenget er 0,9 m på det grunnaste og 1,5 m på det djupaste. I tillegg til rullestolrampe har terapibadet massasjedyser og sitjebenkar.

Badstu

Mellom terapibassenget og hovedbassenget finn du ei badstu. Badstua er felles for alle, men små born vert fraråda til å nyta badstu. Badetøy er påbudt. I badstua vil temperaturen vera på 80-90 grader.

Boblebad

Eit boblebad med plass til 8 personar er plassert ute i det fri. Her er ein behagelg plass kor ein kan ta ein pause frå kvardagen og berre nyta den flotte utsikta og det 38 grader varma vatnet.  

Sklie og aktivitetar

Det går ei 65 meter lang sklie gjennom rommet som sluttar i eit lite landingsbasseng. Denne sklia har tidtaking. Ein finn også ein 3 meter høg og 2,6 meter brei klatrevegg er installert langs hovedbassenget, stupetårn med ulike sviktbrett og fast stupeplattform i ulike høgder.

Kafe/Kiosk

Suldal Bad har eigen kiosk/kafe ved resepsjonen og har servering både i tørr og våt sone. Der er og ein liten badebutikk med sal av badetøy og badeutstyr.

Opningstider frå 9.12.2019

Mån, ons, fre: 06.30 - 08.30 (morgonbading)

Tys-fre: 16.00 - 20.00

Laur: 10.00 - 17.00

Søn: 12.00 - 17.00

I feriar og andre høgtider har Suldal Bad alternative opningstider som blir annonsert på deira Facebook-gruppe her.

Prisar

Årskort familie: kr 7000

Årskort vaksen: kr 3000

Årskort born (3-16) og honnør: kr 2200

Halvårskort vaksen: kr 2000

Halvårskort born (3-16) og honnør: 1500

Klippekort vaksen kr 1000 (12 klipp)

Klippekort barn (3-16) og honnør: kr 800 (12 klipp)

Enkeltbillett vaksen kr 120

Enkeltbillett barn (3-16) og honnør kr 80

Enkeltbillett familie kr 300

console.log(false);