Oversiktsbilde frå Suldal kulturhus
Suldal kulturhus © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Ungar i amfiet på Suldal kulturhus
Suldal kulturhus © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Suldal kulturhus

Arkitektur
Utkikkspunkt
Serveringsstad
Konferanse
Arrangement

Suldal kulturhus ligg flott til på ein høgde over Sand sentrum, og er eit naturleg møtepunkt for kulturopplevingar av alle slag. Kulturhuset opna i 2002 og er teikna av arkitektkontoret Asplan Viak i Stavanger. På huset finn ein moderne kino, bibliotek, kafeen Brunsj som passer godt for heile familien, bowling og ulike utstillingar gjennom året i gallerisalen. 

I samband med 1000 årsjubileumet til Sand blei det også bygd eit lite amfi med 300 sitjeplassar utanføre Kulturhusemot Løhaugen, som er 1000-årsplassen på Sand. Her arrangerest det ulike spel og arrangement.



console.log(false);