Suldalsgåvekortet er den perfekte gåva til den som har alt, til den som ønskjer seg ei oppleving eller til den som forten noko litt ekstra! Med Suldalsgåvekortet kan mottakar sjølv velje kva han eller ho ønskjer å bruke kortet på. Du kan kjøpe kortet hjå utvalde bedrifter i Suldal eller digitalt her.
Med Suldalsgåvekortet kan mottakar velje mellom ei rekke gode opplevingar i Skattkammeret Suldal, anten det er lokale matopplevingar, eit hotellopphald, aktivitetar, arrangement eller noko fint frå våre flotte nisjebutikkar. Her får ein tak i klede til ny sesong, utstyr til turen eller det ein treng av fornying til bil, hus og hytta. Laksesafari, eit besøk til Suldal Bad, ein god konsert eller fire-rettars middag er også noko av det ein kan unne seg med Suldalskortet.
Her finn ein ei oversikt over dei verksemdene der ein kan ta i bruk gåvekortet:
Sjøhuset
Suldal Hotell AS
Sand Blomster AS
Sand Bok & Elektro AS
Møgedal Mek. Verkstad AS
Skohjørna AS
Energihotellet AS
Bustad as
Svein Klungtveit AS
Galleri Kalvig
Joker Erfjord
Joker Suldalsosen
Sand Sport AS
Kulp AS
Joker Vatlandsvåg
Mo Laksegard AS
Sand Møbelsenter AS
Museumsbutikken ved Ryfylkemuseet
Kulturhuset i Suldal
Tjelmane Dekkservice A/S
Bunnpris Sand
Suldal Bad Publikum AS
Sand Servicesenter As
Brunsj AS
Nærbutikken Nesflaten
Monter Suldal
All verdas gåver og bruksting
Ryfylke Fjordhotel
Ved å kjøpe Suldalskortet gir ein ikkje berre nokon ei flott gåve, men ein er også med på å støtte opp om lokal handel og verdiskaping. Gjennom Suldalskortet ønskjer ein å vise fram det flotte tilbodet ein har over heile Suldal kommune og bidra til å skape gode ringverknadar lokalt, både i dag og i framtida.
Ein kan enkelt kjøpe og aktivere gåvekortet ved eit av våre mange utgangsstader i kommunen. Per i dag kan dette gjerast hjå følgjande verksemder:
· Møgedal Mek. Verkstad
· Bustad AS
· Joker Erfjord
· Joker Suldalsosen
· Joker Vatlandsvåg
· Mo Laksegard
Du kan også kjøpe kortet elektronisk via Suldalskortet sin nettstad hjå iGive her. Gåvekort du kjøper via nettsida blir sendt ut to gonger i veka, kvar tirsdag og fredag. Ein reknar at det tek omlag 4 dagar før kortet kjem i posten.
Kva med å gi «Suldalskortet» i gåve til dine tilsette eller andre som forten ein ekstra takk? Gjennom vår side hjå iGive finn du ei eiga løysing for bedriftskunder. Du klikkar først på «Kjøp gåvekort» før du vel «Bedrift».