Dame på sykkel
Dame på sykkel © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Jente som kikkar inn vindauge
Bakkane © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Suldalsvettreglane 2019

Nyhende

I Suldal tek me natur, bygdeliv, næring og gode opplevingar personleg, og i 2019 vil me saman jobbe for eit inkluderande, berekraftig og attraktivt liv i grendene våre mellom fjordar og fjell, Preikestolen og Trolltunga, Vestlandets største elv og Salmo Suldal, tradisjonsrike gardstun og innovative bedrifter.

1. Me handlar lokalt fordi me ynskjer å ha nærbutikkane våre ikkje berre i dag, men i lang framtid.

Ja, det er kjekt med ein bytur innimellom, men me handlar lokalt så ofte som me kan for å sørge for at nærbutikkane våre skal ha grunnlag for å drive butikken og bidra til eit aktivt grendeliv.

2. Me veit at det ikkje hjelp å lukka auga på dei smale partia. Det har me prøvd før.
Nå er det nå ein gong slik at me bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Dei tronge vegane våre mellom fjordar og fjell er fantastisk flotte, men også krevjande å køyre på. Me køyrer derfor i ansvarleg fart, held god avstand når me køyrer forbi syklistar og me er ekstra påpasseleg på syklistar i dei mange tunellane.

3. Me er alle klare med nyinnkjøptebadeklede for opninga av Suldal Bad.

I år opnar Suldal Bad på Eide på Sand, og me er klare for å la kroppen senke seg ned i vatnet i deira innandørs ogutandørsbasseng. Som ein ekte Suldal er det ikkje noko badingutan skikkeleg fjordutsikt!

4. Me veit alle å respektere våre nutfantar.

Suldal er heim til 5 av dei 7 høgaste fjella i Rogaland, og det er flust av dei som trivst i høgt terreng. Det går derfor stor respekt til dei som skriv seg i boka på årets nutfant-turar av Sand IL, med medalje, namnet i Suldalsposten, heider og ære som premie. Me synest også det er heilt ok med ein tur Erøy Rundt på sykkel eller ein rusletur i Strandstaden Sand.

5. Me held komledagen heilag.

Ein kvar Suldøl med respekt for seg sjølv treng fast påfyll med komle og lokale råvarer, anten det er Jelsajordbær eller Suldalsskinke. Då møtest me gjerne på drøs hjå Kulp, Fargeriet, Brunsj, Ryfylke Fjordhotell, Gullingen og Mo Laksegard for å få rykande fersk middag. Bonusen er at me slepp oppvasken! Om sommaren må me få med oss komle-middagen i fjelluft på Stranddalen.

6. Me engasjerer oss for vårt nærmiljø, både det som har vore før og det som er her i dag.

Me synest vårt nærmiljø er viktig, og veit at me alle må gjera ein innsats for å halde på og utvikle dette positivt framover. Me dreg difor familien med på museumsbesøk for å lære meir om historia vår, me stoppar ved våre arkitektoniske verk, me lærar borna våre å fiske i våre fjellvatn og dreg ut med båt og kano. Me deltek på lokale arrangement og me stiller opp når det er noko som skjer.

7. Det finst ikkje dårleg vêr, berre dobbelt lag med ullundertøy, heildekkande regntøy, støvlar med fòring, bøff for trekken i halsen og vernebriller.

Me er så heldige av me bur i ei av Noregs viktigaste kraftkommunar med Blåsjø og ei rekke andre offentlege og private kraftutbyggingar, og er stolte av å kunne tilby rein energi til store deler av regionen. Me har også Vestlandets største elv, fleire fjordar enn me kan telle på ei hand, ei rekke fjellvatn og ei av dei djupaste innsjøane i Noreg. Difor går me inn i regnstormen med eit smil under den doble laget med ull.

8. Me veit at ikkje alle kan redda verda, men at me kan ta ansvar for dei signala me sender.

Me ynskjer at Suldal skal være ein føregangskommune for berekraft, og tar alle vår del av dugnaden. Me veit små endringar sender ut store signal.

9. Me veit at miljøstasjonen er den nye møteplassen.

Den mest populære hengeplassen i Suldal er miljøstasjonen i Gåsavika som er open fleire gonger i veka. Ikkje berre sørgjer ein for at ein får tømt spesial avfallet, men ein blir også stempla som kul og miljøbevisst.

10. Me er jysla glad i naturen som generasjonar før oss har vore med å bera fram.

Når me er ute opptrer me på ein måte som gjer at me ikkje set noko anna enn skispor etter oss. Me kastar avfall i søppelkassar, me går på stien for å ikkje etablere nye stiar, me bruker offentlege og etablerte toalett, me respekterer privat eigedom og me sørger for at me ikkje skaper unødige forstyrringar for dyr og fugleliv. Me brenn heller ikkje bål og eingongsgrill eller held open eld i sommarsesongen. Me held hundane våre i band.

Last ned plakaten i A3 format til hytta på lenken nedanfor!

console.log(false);