Picture of the fjordside village of Sand
Nordenden © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam
Sand
Sand © Skattkammeret Suldal Foto: Lise Bjelland

Strandstaden Sand

Arkitektur
Bubil og camping
Fiske
Næring
Fjell
Vandring

Ein rusletur gjennom Strandstaden Sand er ei flott oppleving. Langs fjorden finn du ei rekke kvite murhus blant vennlege butikkar og kafear. I gåavstand til sentrum finn du også flotte opplevingar som Laksestudio, Suldal kulturhus, kunstgalleri, Neset badestrand og Ryfylkemuseet. Om sommaren ligg den gamle jekta Brødrene af Sand til kai ved Ryfylkemuseet i Nordenden når den ikkje er ute på reise. Sand er også området der den 22 km lange Suldalslågen renn ut i fjorden.

Strandstaden Sand er kommunesenteret i Suldal. Tidlegare var bygda eit naturleg handelssenter for Ryfylkeregionen då staden var knytepunktet mellom Saudafjorden, Hylsfjorden, Lovrafjorden og Sandsfjorden. Ein kan finne spor frå busetjingar på Sand tilbake på 1700-talet, men handelssentrumet blomstra på 1800-talet mykje takke vera båtbyggeindustrien. Frå 1890-talet og utover blei også turisme ei viktig inntektskjelde for bygda då bygda blei ein viktig stopp for ei av landet mest populære turistruter. Store passaserskip kom innover fjorden der turistane blei slept av på Sand før dei blei dratt med hest og kjerre oppover dalen til Suldalsosen,  dei tok Suldalsdampen over Suldalsvatnet for dei fortsatte oppover Brattlandsdalen mot Røldal. Her kunne dei fortsette reisamot fjordbygda Odda der dei kunne fortsette reisa til havs. På 1980-talet fekk bygda eit stort løft som ein følgje av Ulla Førre-utbyggina då det var stor tilflytting til kommunen av arbeidarar og deira familiar. Fleire av dei meir moderne byggefelta er frå denne perioden.

Fleire store brannier høyrer også med i historia til Strandstaden Sand, der fleire av bygdas trebygg gjekk tapt. Ein har likevel klart å bevare større deler av den gamle bebyggelsen i Nordenden og Bakkane. Gata, som er hovudstrekket i sentrum, har likevel eit koseleg særpreg, og dei lokale møtest ofte i sentrum i helgene for kaffi med noko søtt medan dei slår av ein prat. I dag bur det omtrent 1100 menneske på Sand.

Det er fleire flotte turområde og toppturar på Sand for dei som ynskjer å koma seg ut i naturen.

 

 

console.log(false);