Nasjonal Turistveg Ryfylke

Svandalsfossen © Skattkammeret Suldal. Foto: Fredrik Fløgstad.
Svandalsfossen © Skattkammeret Suldal. Foto: Fredrik Fløgstad.

Ei reise i kontrastar

Nasjonale turistveger har utmerka ulike vegar i Noreg som er spesielt flotte å køyre langs. Nasjonal Turistveg Ryfylke er ei av desse. Turen frå Oanes ved Lysefjorden til Håra i Røldal på 260 km er ei reise i kontrastar med høge fjell og djupe fjordar, mektige fossefall og prisvinnande arkitektur.

Langs ruta har ein flotte stopp som Høsebrua, Kraftarkitekturen på Nesflaten, Blåsjø ved Gullingen, Ostasteidn, Venterommet på Ropeid, Svandalsfossen, Almannajuvet og Røldal stavkyrkje. Guggedalsloftet ved museumsgarden Kolbeinstveit, den tidlegare lensmannsboligen Fossheim og klyngetunet Litunet er også verdt eit stopp.

Vil du lese meir om ruta? Klikk deg inn her.

Du er her –
Kulturløype illustrasjonskart

You are here –
Kulturløype illustrasjonskart
By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.