Røldal-Suldal Kraft © Norsk Hydro

Røldal-Suldal Kraft

Noregs største industriprosjekt på 1960-talet

Røldal-Suldal Kraft var ei stor vasskraftutbygging som tok til i Suldal på 1960-talet. Anlegget består av 16 dammar, 9 kraftstasjonar og 12 generatorar, og produserer omlag 3,1 TWh i året. Dette tilsvarer straumforbruken til 160,000 husstandar i Noreg. Utbygginga har vore med på å setje Suldal på kartet som vasskraft-stabburet i Noreg.

Det er likevel designet og arkitekturen til arkitekten Geir Grung på 1960-talet under denne utbygginga som gjer prosjektet unikt. På Nesflaten kan ein den dag i dag besøke administrasjonsbygget ("Ufoen") og bustadane på "Kilen" eit fuksjonalistisk utrykk som er heilt eineståande for ei lita vestlandsbygd.

Utbygginga gjorde også at det blei store endringar på livet i Suldalslågen, og for første gong gjekk elva frå å vera ei naturleg elv til ei regulert elv. Seinare blei den vidare påverka av Ulla-Førre utbygginga.

I videoen over kan du lære meir om Røldal-Suldal Kraft.

Du er her –
Kulturløype illustrasjonskart

You are here –
Kulturløype illustrasjonskart
By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.