Bunadsglede - Kvitsaum og bunadskjorter frå Rogaland
Bunadskafe og temadel med presentasjon av bunadshandverk
Me inviterer til ny bunadskafe på museet. Det er ein uformell møtestad for folk med felles interesse og ulike kunnskap og erfaringar knytt til bunad. Bunadskafeen er ikkje berre for ekspertar, men for alle som har lyst til å dela bunadsgleden med andre. Ta med bunadsarbeidet ditt. Der bunadsfolk møtest er det alltid litt tips og triks å læra.
Kvitsaum og bunadsskjorter frå Rogaland
Me får besøk av Dagny Fønnebø Ringhagen og Sypikene som driv produksjon av både skjorter og resten av bunaden for salg. Dei har lang erfaring med kvitsaum og montering av skjorter.
By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.