From:
13/2/2024
5:30 pm
Sand
To:
13/2/2024
8:30 pm

Den norske filmfestivalen i Suldal

Ta-daaa! Det blir filmfestival på kulturhuset!

Suldal kommune har vore sponsor for den norske filmfestivalen i Haugesund, og me arrangerar nå ein liten festival her i kommunen.

Tysdag 13. februar er det nemleg klart for Den norske filmfestivalen i Suldal, som Suldal kommune arrangerar saman med den internasjonale filmfestivalen i Haugesund. Suldal kommune har også vore sponsor for den norske filmfestivalen i Haugesund.

Me har eit todelt program denne dagen:

På dagen arrangerer me Den store skulekinodagen, der 5.-7. trinn er inviterte til å sjå «Gutten og hegren» og 8.-10. trinn får sjå «Sulis». Festivalsjef Tonje Hardersen og Stian Olila frå LO skal snakka med elevane før filmane, og det blir eit godt pedagogisk opplegg og gode filmopplevingar på dei unge denne dagen. Dette er organisert i samarbeid med skulane.

Om kvelden blir det høgtideleg festivalopning og innleiing til kveldens Filmundring ved Tonje Hardersen. Denne kvelden skal me vise den etterkvart så bejubla filmen "Ibelin". Filmen er basert på historia til gamaren Mats Steen som døydde av ein muskelsjukdom då han var 25. Foreldra hans sørga over det dei trudde var eit einsamt og isolert liv, men så viste det seg at Mats hadde online-vener over heile verda som tok kontakt. Filmen skildrar det rike livet som Mats sin avatar «Ibelin» hadde i spelverda.

Etter filmen vil Judith Sørhus Litlehamar leia ein panelsamtale, og det blir servert kaffi og kake. "Ibelin" er tillate for alle, og du kan løysa billett på nett eller i skranken når du kjem.

Velkommen til filmfestival!

Location:
Sand
/
Løhaugen 1, 4230 Sand
Event starts:
13/2/2024
, at
5:30 pm
Event ends:
13/2/2024
, at
February
Prices:
Over 18: 150, Under 18: 60
Event starts:
13/2/2024
, at
5:30 pm
Event ends:
13/2/2024
, at
8:30 pm
Event type:
Samfunn
Film/kino
Suitable for:
Alle
Age limit:
Contact person(s):
Hanne Mette Birkeland
Phone:
Email:
hanne.mette.birkeland@suldal.kommune.no
By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.