From:
24/6/2026
11:00 am
Sand
To:
27/6/2026
12:00 pm

Gladmatfestivalen 2026

Velkommen til Suldal sitt telt i Vågen under årets Gladmat! Nyt gode smaksopplevingar laga på lokale råvarer, møt matentreprenørane og bli med på matf

Velkommen til Suldal sitt telt i Vågen under årets Gladmat!

Her kan du nyta gode smaksopplevingar laga på lokale råvarer, droppa innom grillområdet vårt, møta matentreprenørane og verkeleg bli med på matfesten i år igjen!

Totalt 15 ulike aktørar frå Suldal er klare for å gi deg sommarens beste smaksoppleving! Her får du alt frå moderne street food til tradisjonsbakst, ulike kjøtrettar frå grillen, lokale smårettar og urbane kombinasjonar og mykje anna godt.

Maten blir kombinert med Suldalsdråpar frå vårt eige gardsbryggeri, vingard og fruktgard. Me kallar det Matskattar frå Suldal!

ROTERANDE MENY – ALLTID NOKO NYTT!
Hjå oss står småskalaproduksjon i fokus, der Suldalskokkane frå våre restaurantar og kafear komponerer rettane direkte på standen, etter kva råvarer me har tilgjengeleg. Det vert difor oppdatert meny kvar dag gjennom festivalen – slik at du heile tida vert servert nye smakskombinasjonar frå Skattkammeret Suldal.

Årets Gladmatrett frå Suldal
er ein vill kombinasjon av gode råvarer med både sprø og syrlege element! Retten vert offentleggjort når standen opnar onsdag 24. juni, presis klokka 12:00.

La besøket hjå oss berre vera starten på smakseventyret i Suldal, med omvising hjå våre produsentar, besøk til våre gardsutsal og lokale smakar på våre kafear og restaurantar! Besøket startar på visitsuldal.no.

Følg Visit Suldal på sosiale medier for å halda deg oppdatert på alt du finn under årets Gladmat, og alt kva du elles kan finna i kommunen vår!

Ei stor takk til våre sponsorar: Suldal kommune, Ryfylkefondet, Næringshagen i Ryfylke og gode lokale bedrifter og krefter som er heiagjengen vår.

Me sjåast på stand 33: Skagenkaien 3, 4006 Stavanger

Velkommen!

Location:
Sand
/
Skagenkaien 3, 4006 Stavanger
Event starts:
24/6/2026
, at
11:00 am
Event ends:
27/6/2026
, at
June
Prices:
Event starts:
24/6/2026
, at
11:00 am
Event ends:
27/6/2026
, at
12:00 pm
Event type:
Mat
Suitable for:
Alle
Age limit:
Contact person(s):
Marit Larsen
Phone:
Email:
suldal@visitsuldal.no
By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.