Frå:
31/7/2024
2:30 pm
Ropeidhalvøya
Til:
31/7/2024
5:45 pm

Maling og mingling i vingarden

Elvis lever! Onsdag 31. juli opnar me igjen dørene til vår skapande oase på vingarden med Guri Hovland frå Draumehus som vår kreative guide.

Lyst på ein avslappande og inspirerande dag saman med gode venner og fine folk? Då er "Maling og mingling på vingarden" noko for deg! Sett av onsdag 31. juli for ein ettermiddag fylt med maling, mingling og inspirasjon på den vakre vingarden på Hebnes.

Med Elvis som dagens tema lovar me både god stemning og masse kreativitet. Anten du er erfaren med pensel eller ein nybegynnar vil dette arrangementet passe perfekt for deg. Me sørger for alt utstyr, lett servering og ikkje minst, ei herleg sosial atmosfære. Ta med deg dei beste og meld deg på i dag!

Passar for: Deg som er sosial og har kreativ kløe. (Uøva eller godt vant med maling, begge deler går fint.)
Me sørger for:
Malarutstyr (akryl) og lerret
Tips, hjelp og rettleiing undervegs
Lett servering
Godt selskap og kreativ atmosfære

Maling og mingling:
Stad: Vingarden på Hebnes, Vardnesvegen, 4235 Hebnes
Tid: Onsdag 31. juli 14.30 - 17.30 (passar med hurtigbåten frå Stavanger)
Antal plassar: 24
Pris: 750,- (inkl. lerret, lunsj, 1 glass drikke og lån av maleutstyr )
Bindande påmelding ved kjøp av billett på hebnesvingard.no

Stad:
Ropeidhalvøya
/
Vardnesvegen, 4235 Hebnes
Arrangementet starter:
31/7/2024
, klokka
2:30 pm
Arrangementet slutter:
31/7/2024
, klokka
July
Prisar:
750,-
Arrangementet starter:
31/7/2024
, klokka
2:30 pm
Arrangementet slutter:
31/7/2024
, klokka
5:45 pm
Type arrangement:
Anna
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Toyni Tobekk
Telefon:
98221410
E-post:
booking@hebnesvingard.no
By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.