Opplev Suldal og kom tett på naturen og bygdelivet frå sykkelryggen! Med elektrisk sykkel får du litt ekstra hjelp i motbakkar og motvind slik at du har meir energi når du kjem fram til destinasjonen!
Elektrisk sykkel eller e-sykkel er nesten heilt likt som vanleg sykkel, berre at ein liten ekstra motor gir deg ekstra kraft når du sjølv ynskjer det. Kor mykje denne motoren skal vera til hjelp er heilt opp til deg! Det er viktig å huske på at motoren er kun i drift når pedalane går rundt.
Desse aktørane tilbyr utleige av el-sykkel:
Ryfylke Fjordhotel og basecamp/Sand
Suldal Turistkontor/Sand
Mo Laksegard/Sandsbygda
Energihotellet/Nesflaten
Joker Vatlandsvåg/Vatlandsvåg, Ropeidhalvøya
Tips til kjekke sykkelturar i Suldal finn du under "Sykkel".
Leige av e-sykkel
Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.