©Kurs & konferanse. Foto:Vandrefilm

Samlast i Suldal

Nokre gonger treng ein å koma seg bort frå kvardagen og inn i noko som inspirerer. Suldal ligg berre ein times køyretur frå store delar av Ryfylke og har gode lokale for kurs, samlingar og felles turar. Ein korttur langs fjorden eller i fjellet mellom øktene gjev ny energi, og etterpå ventar lokale råvarer rundt bordet.

Samlingstips

  • Vel Ryfylke Fjordhotell midt i Sand, Jelsa Hotell på den historiske strandstaden eller designhotellet Energihotellet på Nesflaten for lokale, overnatting og mat på same stad.
  • For noko annleis: overnatting i stølar på Børkjenes Gard i Hamrabø eller pizza frå steinomn på Hanakamneset Gard.
  • Legg inn ei guida omvising på Hebnes vingard, den første vingarden i Rogaland, eller i eplehagen på Fuglestein Frukt og Sideri (om lag 1,5 timar).

Mo Laksegard ved Suldalslågen kan kombinera samlinga med laksesafari eller elveekspedisjon. Treng de hjelp med å finna rett stad? Kontakt oss på suldal@visitsuldal.no.

More tips

Filter tips by category

By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.