©Kurs & konferanse. Foto:Vandrefilm
©Energihotellet as. Foto:Meister Fotografi

Samlast i Suldal — finn staden for gruppa di

Nokre gonger treng ein å koma seg bort. Bort frå kvardagen, bort frå dei vante omgjevnadane — og inn i noko som inspirerer. Suldal ligg berre ein times køyretur frå store delar av Ryfylke, og byr på ei rekkje gode lokale for grupper som vil samlas i nye, vakre omgjevnader.
Uansett kva som samlar dykk — ein øving, eit kurs, ein felles tur eller berre lysta til å vera saman ein stad de aldri har vore før. I Suldal finn de ein stad som passar for gruppa dykkar.
Naturen i Suldal er ein ekstra ressurs: ein korttur langs fjorden eller i fjellet mellom øktene gjev ny energi og skapar samhald på ein naturleg måte. Og etterpå ventar lokale råvarer og godt selskap rundt bordet.

Ryfylke Fjordhotell – Sand

Midt i Sand sentrum, rett ved fjorden. Her finn de møterom for små og store grupper, overnatting og restaurant med utsikt og lokale smakar. Eit godt utgangspunkt for både faglege og sosiale samlingar, med aktivitetar og opplevingar like i nærleiken.
ryfylkefjordhotell.no

Jelsa Hotell – Jelsa
I hjartet av den historiske strandstaden Jelsa ligg eit koseleg hotell med særeigen atmosfære og vakker fjordutsikt. Her kan de kombinera møte og overnatting med gode matopplevingar og utforska den best bevarte strandstaden i Ryfylke.  
jelsahotell.no

Energihotellet – Nesflaten
Eit ikonisk designhotell langs Nasjonal turistveg Ryfylke, der rå kraftarkitektur møter storslått natur og panoramautsikt over Suldalsvatnet. Her står matopplevingar med lokale råvarer sentralt. For grupper som søkjer opplevingar dei sein vil gløyma.  
energihotellet.no

Mo Laksegard – Sand
Ved Suldalslågen, med det frodige elvelandskapet tett på, ligg Mo Laksegard. Her kan de kombinera samlinga med laksesafari, elveekspedisjon, teambuilding og gode matopplevingar. Ein stad for både spenning, gode smakar og minnerike stunder saman.  
molaks.no

Børkjenes Gard – Hamrabø
Den historiske fjellgarden tek deg med tilbake i tid, med heile 40 bygningar og  eit unikt kulturmiljø som er tildelt Olavsrosa. Her kan grupper samlast i historiske selskapslokale, oppleva levande kulturhistorie og overnatta i kårhuset eller på stølane i fjellet.  
Børkjenes Gard – Hamrabø

Fuglestein Frukt og Sideri – Økstrafjorden
Ein idyllisk fruktgard med over 17000 epletre, der grupper kan bli med guida omvising i eplehagen, læra om fruktdyrking og siderproduksjon og smaka på produkta frå garden. Ei smakfull oppleving i vakre fjordomgjevnader.
fuglestein.no
 

Hebnes vingard – Hebnes
Rogalands første vingard ligg vakkert til ved fjorden. Her kan grupper bli med på guida vandring mellom vinrankene, nyta smaksprøvar og få innblikk i korleis druene blir til vin. Omvising varer om lag 1,5 time, og etterpå kan turen gå innom gardsbutikken med lokale produkt.
hebnesvingard.no
 

Planlegg turen
Det er fleire vegar til Suldal, anten de kjem med bil eller ønskjer å reisa kollektivt. Kjem de frå Stavangerregionen, kan hurtigbåten vere eit fint alternativ, med anløp på mellom anna Hebnes, Jelsa og Sand.  
Treng de hjelp til å organisera transport for ei større gruppe? Det finst også aktørar som tilbyr turbuss og tilrettelagde gruppereiser.  
‍Praktisk informasjon – slik kjem du deg til Suldal

‍Pakkereiser og turbuss
Ta gjerne direkte kontakt med dei ulike bedriftene for informasjon om tilbod, kapasitet og bestilling.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.