Menneske og natur har alltid levd tett på kvarandre i Suldal. Me har hatt dyra våre på beite i heia, me har fiska i elv, vatn og fjordar. Me har sanka av det naturen har å by på. I dag skapar me verdiar naturen og eldsjelene våre.
Suldalsløftet er ein dedikasjon til korleis me ønskjer å leva og bu i Suldal. Ved å følgje desse råda er også du som besøkjande med på å sikre at Skattkammeret Suldal er ein god stad å vera i dag og i framtida
Me handlar lokalt.
Me ønskjer å ha aktive grender med rikt næringsliv, organisasjonsliv og kulturliv, både i dag og i framtida. Me støttar opp om bedriftene våre og handlar lokalt.
- Treng du utstyr til fjellturen eller mat til ei helg på hytta? I kommunesenteret Sand finn du er rekke flotte lokale nisjebutikkar og i grendene våre finn du alltid ein nærbutikk. Ved å støtte lokalbutikken er du med på å sikre arbeidsplassar og liv i grendene i dag og i framtida.
- Få med deg våre lokale arrangement og aktivitetar. I arrangementkalenderen under "Kva skjer?" finn du informasjon om det som det som skjer den veka du kjem på besøk.
- På leit etter lokalmat? Fleire av våre gardar sel ulike produkt som honning, eplesaft, pølser og kjøt. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om våre lokale spesialitetar.
Me tek miljøbevisste val.
Me ønskjer at dei som kjem etter oss skal kunne oppleve like rik natur som oss. Me lever difor i samspel med fjordar, fjell og landskap og tar miljøbevisste val.
- Ein kan ta seg til Suldal med både buss og båt. Ruteinformasjon finn du på kolumbus.no. Kjem du til Suldal med elbil finn du Tesla-ladar ved Energihotellet på Nesflaten og generell lader i Nedre Dalane på Sand.
- Sjå etter miljøsertifiserte verksemder. Me er stolte av at fleire og fleire verksemder i Suldal arbeider strategisk med berekraft.
- I kommunesenteret Sand finn du ein eigen miljøstasjon der du kan levere ulikt avfall.
- Utforsk grendene våre på sykkel eller til beins. Ved Suldal turistinformasjon finn du kart for alle grender, og fleire stader i kommunen har du moglegheit til å leige elsykkel.
Me vernar om kultur og miljø.
Me ønskjer at alle skal ha gode dagar i Suldal. Me vernar om tradisjonane våre og den rike kulturarven vår, og legg grunnlag for nye idear og tankar.
- Besøk våre flotte museumsanlegg for å lera meir om den rike historia og tradisjonane i Suldal. Ved Nesasjøhuset kan du også finne eit utval av bøker om Suldal og regionen generelt.
- Legg turen innom kulturhuset på Sand for eit innblikk i det aktive kulturlivet i Suldal. Her kan du vera med konsert med distriksmusikarane våre, få med deg unge talent og sjå ulike utstillingar frå lokale og regionale kunstarar.
Me ferdast ansvarleg i naturen.
Me ønskjer at alle skal kunne oppleva og bruka naturen i Suldal, samtidig som ein er varsam med sitt eige fotavtrykk. Me lyttar difor til råd, reguleringar og føringar for ansvarleg ferdsel.
- Sikre at du er oppdatert på føringar for sikker ferdsel før du går ut i naturen. Me ønskjer at alle skal ha glede av den flotte naturen i Suldal, samtidig som at det er viktig at me held oss til stien, tek med oss avfall og overheld bandtvangen.
- Les deg opp på reglar for å fyre bål, og held deg til etablerte bålplassar.
- Var varsam før du legg ut på elv eller vatn, vinter som sommar. Som ein av dei store vasskraftkommunane i Suldal er fleire av våre elver og vatn regulerte, og vasstand kan endre seg raskt. Informasjon om endringar blir annonsert av Suldal kommune og Statkraft.
- Respekter privat eigedom og mark. Telt minimum 150 meter frå næraste hus eller hytte, og sikre at du lukkar grindar og tek omsyn til dyra når du går gjennom beiteområde.
- På våre mektige fjell og vidder kan véret snu raskt! Sørg for å lese deg opp på dei lokale verforholda før du legg ut på langtur.
- Sørg for at du er oppdatert på føringar for fiske og jakt med verna område og restriksjonar for å verne om dyrelivet vårt. Ta gjerne med deg ein guide første gong du skal på laksefiske, fjellfiske eller jakt. I Suldal har me mange eldsjeler som kan gi deg ei innføring i lokale reglar og normer - og ofte aukar ein også sjansen for å få med seg noko heim!