Heim
Skattar
Aktivitetar
Attraksjonar
For born
Godt tilrettelagt
Reis Grønt
Sykkel
Vandring
Vinter
Kva skjer
Kva skjer
Attractions
Månad
Kategori
Stad
Opprett arrangement
Activities
Mat & Overnatting
Familieeigde hotell
Tradisjonsrike hytter
Mat & drikke
Butikkar
Båthamner
Bubil og camping
Konferanse
News & events
News & events
News
Events & festivals
Exhibitions
Concerts & shows
Bli inspirert
Sommar i Suldal
Matskattar frå Suldal
Workation
Gruppetur
Kortferie: Kraft & design
Kortferie: Høghei & velvære
Lakseeventyr i Suldal
Grendesafari
Haustopplevingar
Vinteropplevingar
Reis Grønt
Handel i Suldal
Biker-opplevingar
Kortferie: Vatn & villaks
Jul i Suldal
Rundturar
Topp 10 sommartips
For dei minste
Insider-tips
Insta-punkt!
Kurs og konferanse
Hytteeigar i Suldal
Praktisk informasjon
Vegen hit
Turistinformasjonen
Naudnummer
menY
SKATTAR
Aktivitetar
Attraksjonar
For born
Godt tilrettelagt
Reis Grønt
Sykkel
Vandring
Vinter
Kva skjer
Månad
Kategori
Stad
Opprett arrangement
MAT & OVERNATTING
Hotell
Hytter
Mat & drikke
Butikkar
Båthamner
Bubil og camping
Konferanse
BLI INSPIRERT
Sommar i Suldal
Matskattar frå Suldal
Workation
Gruppetur
Kortferie: Kraft & design
Kortferie: Høghei & velvære
Lakseeventyr i Suldal
Grendesafari
Haustopplevingar
Vinteropplevingar
Reis Grønt
Handel i Suldal
Biker-opplevingar
Kortferie: Vatn & villaks
Jul i Suldal
Rundturar
Topp 10 sommartips
For dei minste
Insider-tips
Insta-punkt!
Kurs og konferanse
Hytteeigar i Suldal
PRAKTISK INFORMASJON
Vegen hit
Turistinformasjon
Naudnummer
NORSK
ENglish
NO
ENg
Laksesafari i Suldalslågen © Skattkammeret Suldal Foto: Lise Bjelland
Aktivitetar
“Brødrene af Sand”
Strandstaden Sand var ein viktig handelsport for båtbygging på slutten av 1800-talet. Jekta kan leigast av grupper og lag som ønskjer ei oppleving utanom det vanlege.
Bibliotek
På Kulturhuset i Suldal finn du Ryfylkebiblioteket Suldal. Her kan du låna bøker, filmar og lydbøker.
Elveekspidisjon på Vestlandets største elv
Ta med deg familien eller jobben på ei opplving du seint vil gløyme. I gummibåt nedover Suldalslågen kjem ein så tett på vatnet som mogleg utan å bli blaut på beina!
Fiske i fjorden
Suldal har nærleik til ei rekke ulike fjordar i indre Ryfylke som byr på flotte fiskemoglegheiter med eit mangfald av fiskeartar.
Gardsbesøk til Fuglestein Fruktgard
Tett på Økstrafjorden kan du få omvisning i eplehagen til Fuglestein Fruktgard med gode smaksprøvar frå deira populære eplemost og andre produkt.
Gardsbesøk til Hebnes vingard
I den idylliske fjordbygda Hebnes finn du Hebnes vingard. Her kan du besøke vinhagen, smake på gardens vinar og nyte den fantastiske utsikta over fjorden.
Gardsbesøk til Suldalshonning
På garden Våge ved Suldalsvatnet får du eit innblikk i prosessen frå blom til krukke der lærer om bienes liv og korleis honning blir laga.
Gardsbryggeri
På Mo Laksegard kan du få omvisning i deira heilt eige gardsbryggeri, der du får smaksprøvar og eit innblikk i tradisjonelle bryggteknikkar.
Guida SUP-tur i Økstrafjorden
Med Aktiv Fuglestein kan du utforske idylliske Økstrafjorden og andre fjordar i Suldal på SUP-brett. Dei leiger også ut brett og kan arrangere kurs.
Hylsfjordcruise med Helgøy Skyssbåt
På eit cruise innover Hylsfjorden får du oppleve storslagen natur og idylliske grender. Dei lokale guidane fortel historiar frå denne nasjonalt viktige fjorden.
Innlandsfiske i Suldal
Høgfjellet i Suldal er eit flott fiskeområde med nærleik til turisthytter og flotte turstiar. Fiskekortet får du på iNatur.
Jelsa kyrkje og skulemuseet
På idylliske Jelsa kan du besøke Jelsa kyrkje og eit av dei første skulehusa i regionen. Her ein kan læra meir om dei spanande historiane til byga.
Kulturhuset i Suldal
Kulturhuset i Suldal er eit naturleg møtepunkt i kommunen. Her har dei kino, kafè, biblotek, ulike arrangement og mykje meir.
Kvitebjørnen - Ei interaktiv utstilling for born
Tre inn i utstillinga "Kvitebjørnen" på Nesasjøhuset ved Ryfylkemuseet, der barna plutseleg blir ein del av eit spennande eventyr. Her møter ein kongar og prinsesser, og ein kan danse i speglsalen.
Laksefiske i Hålandselva
Hålandselva ligg på austsida av Erfjord, og har opphav i Nattlandsvatnet. Vassdraget er rekna til 28 km og har eit nedslagsfelt på 58 km2.
Laksefiske i Suldalslågen
Suldalslågen er vestlandets største elv, og kjent for laksestammen Salmo Suldal som ofte er stor i storleiken. Den største fisken som har blitt fanga i elva var på heile 34 kilo!
Laksesafari - Flyt ned elva med fisken
På Laksesafari med Mo Laksegard flyt du nedover Suldalslågen i tørrdrakt og dykkarmaske. Er du heldig får du eit glimt av laksen på veg opp elva!
Leige av båt og kano
Utforsk fjordar og vatn i eige tempo ved å leiga deg ein båt eller ein kano. Ein kjekk aktivitet for store og små!
Mangfaldig kulturliv på Nesasjøhuset
Nesasjøhuset er hovudkontoret til Ryfylkemuseet, som har museum og anlegg i heile regionen. Besøk utstillingane, nyt ein kaffikopp til fjordutsikt eller ta ein tur innom deira eigen museumsbutikk.
Moskjelen aktivitetsområde
Moskjelen er eit eige område for grupper og tilstelningar ved Mo Laksegard. Til utsikt over Suldalslågen kan de nyte badestamp, badstove og servering av tradisjonsrik mat og drikke.
Museumstunet Kolbeinstveit
Kolbeinstveit er eit historisk museumstun med moderne vri. På sommaren kjem tunet til liv med dyr, vertskap, ulike utstillingar og arrangement.
Noregs første Laksestudio
Ved laksetrappene i Sandsfossen ligg det første laksestudioet som blei bygd i Noreg. Her kan du i laksesesongen gå ned i det femte trinnet for å sjå villaksen på veg oppover elva for å gyte.
Omsyning på kulturhistoriske Børkjenes Gard
Kom tett på historia på ei omsyning med eigarane Jarle og Marit på Børkjenes Gard i Hamrabø, som er ein av dei eldste og best bevarte gardsbruka i Suldal!
Ryfylkedagane
Set av første helga i juni til handel-og kulturdagar Ryfylkedagane. I tre dagar til ende vil det bli ei rekkje aktivitetar, konsertar og folkefest i heile kommunen.
Småviltjakt i Kjetilstadheia
Stavanger og Rogaland Jeger- og Fiskerforening (SRJF) ønskjer velkommen til småviltjakt i Kjetilstadheia. På inatur.no kan ein skaffe seg jaktkort for området.
Småviltjakt i Suldal Statsallmenning
Suldalsheiene er attraktive område for jakt. På inatur.no kan ein skaffe seg jaktkort for området Suldal Statsallmenning.
Stamp og badstove
Ingenting er betre enn å la kroppen synke ned i ein varm stamp etter ein lang dag ute i frisk natur. Stamp har dei både på Vikane og Mo Laksegard.
Storaurefiske i Suldalsvatnet
Suldalsvatnet er Rogalands største innsjø, og byr på gode moglegheiter for å fange storaure til middagen. Fiskekortet får du på iNatur!
Stranddalen Turisthytte - Perla i Ryfylkeheiane
Stranddalen er den mest populære turisthytta i området, og blir ofte kalla "Perla i Ryfylkeheiane". I sommarsesongen har hytta vertskap med servering! Kategori: Medium (blå)
Strandstaden Sand
Strandstaden Sand er kommunesenteret i Suldal. Her kan du vandre mellom kvite trehus tett på fjorden medan du besøkjer butikkar, museum og kulturhus.
Suldal bowling
Bowling er ein kjekk aktivitet for heile familien. På Kulturhuset i Suldal lagar dei gjerne eit opplegg for deg og familien, laget ditt eller vennegjengen.
Suldal kino
På Kulturhuset i Suldal har dei ein moderne kinosal der dei fleste nye storfilmar blir vist. Ta med deg familien for ei god filmoppleving!
Suldalsgåvekortet
Suldalskortet er den perfekte gåva til den som har alt, den som ønskjer seg ei oppleving eller den som fortener noko litt ekstra!
Utandørs boblebad, klatrevegg, sklier og kiosk ved Suldal Bad
Suldal Bad er eit hypermoderne symjeanlegg med flott utsikt over fjorden. Anlegget har utandørs jacuzzi, badstue, klatrevegg, sklie, stupetårn og mykje meir.
Villmarksleir
Mo Laksegard sin villmerksleir er perfekt for team building. Dei har to villmarkleirar, den eine i skogsområdet eit steinkast frå laksegarden og den andre ved Suldalslågen.