I Suldal er du i knytepunktet mellom flotte naturopplevingar, kulturopplevingar og levande grender. Start dagen med eit forfriskande bad i vatn eller sjø før du utforskar nye grender, deltek på kjekke aktivitetar eller blir med på eit arrangement. Avslutt dagen med ein ny turløype!
Våre beste sommartips finn du herI sommar kan du mellom anna få med deg torgdagar i Sand sentrum, flyte nedover Suldalslågen på laksesafari, tre inn i historie epokar, oppleve nye område på fjordcruise eller guida padletur, nyte utandørs boblebad og besøke våre flotte gardar.
Sjå sommarprogrammet herI Suldal finn du ei rekke flotte hotell og hyttetun der du kan velje utsikt frå øvste hylle. Her kan du vakne til utsikt over fjorden, vestlandets mest vassrike elv, Suldalsvatnet eller vilt fjellandskap.
Finn din base for ferienI Suldal kan du besøke Rogaland sin første vingard, kome tett på prosessen med å utvikle vår eigen Suldalshonning og spasere gjennom eplehagar med 17,000 tre! Du kan også besøke gardsutsal og nyte lokalt i våre kafear.
Utforsk matskattane våre herMed over 300 km kystlinje og over 40 øyar er Suldal eit fjordparadis om sommaren. Her finn du ei rekke lune fjordarmar å utforske med holmar, skjær og flotte badeplassar - båthamnene våre ligg tett på grendene med eit mangfald av opplevingar.
Start fjordferien i Suldal herBestig dei høgaste fjelltoppane i Rogaland, besøk ei av våre mange turisthytter, kom tett på fjord, elv og vatn på våre sentrumsnære rusleturar og prøv deg på den gjeve "nutfant"-tittelen ved å bestige seks utvalde fjelltoppar.
Les meir om fjelltoppar og turmoglegheiter her