© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.

Matskattar frå Suldal

Mellom høge fjell og djupe fjordar, spegelblanke vatn og frodige åssider, finn du gardar, opplevingar og produkt som byggjer på tradisjonar, lidenskap og formidlingsglede. Me kallar det matskattar frå Suldal.
Illustrasjonskart av Suldal kommune med markerings av produsentar, utsalsstader, serveringsstader og gardsbesøk.
1. Suldalshonning  2. Ryfylke Fjordhotel & BaseCamp  3. Vatlandsvåg Handel  4. Fuglestein Fruktgard  5. Mo Laksegard  6. Kulp  7. Træ Gården  8. Landsnes Villsauprodukter  9. Storstova gard  10. Brunsj  11. Midtsommar  12. Fatnes Vestre  13. Energihotellet  14. Jelsa Hotell  15. Hanakamneset Gard  16. Bente Himabakst  17. Jelsa Jordbær

LOKALMATPRODUSENTAR

Personar som held jordbær ved drivhuset

Jelsa Jordbær

I 25 år har Jelsa Jordbær levert søte bær frå sine drivhus på Jelsa til heile regionen, noko som har gjort produkta deira særs ettertrakta. Kvar sommar sel dei bæra sine på utvalde torg og i butikkar.

Bønder med brett av spekemat framføre seg

Hanakamneset Gard

På Hanakamneset Gard har dei fokus på frittgåande utegris som dei foredlar til gode, spanande smakar. Spesielt kjend er dei for sine gode chirozo-pølser!

Bilde av sauer på jorde

Fattnes Vestre

Tett på Hylsfjorden i Fattnes Vestre held dei ammekyr og fjellbeitende sauer, samt sin eigen bakarovn. Frå gardsutsalet deira kan du mellom anna kjøpe med deg produkt frå sau og gråfe.

To bønder som held høner

Storstova Gard

Storstova gard ligg i fjordriket Hebnes, på Ropeidhalvøya. Frå gardsutsalet deira har dei eit breitt utval av kortreiste, lokale råvarer som kjøt, egg og andre spesialitetar.

Mann ute med geiter

Landsnes Villsauprodukter

Landsnes Villsauprodukter ligg langs Økstrafjordvegen der dei frå eigne produksjonlokale tilbyr ei rekke gode produkt frå villsau, geit og storfe. Saman med Fuglestein Fruktgard har dei eit gardsutsal ved vegen.

Bønder i eplehage

Fuglestein Fruktgard

Fuglestein Fruktgard ligg idyllisk til ved Økstrafjorden og tilbyr med sine over 17,000 epletre ei rekke fantastiske produkt som mellom anna eplemost og eplegele.

To personar i vinhage

Midtsommar

Tett på fjordgapet i grenda Hebnes finn du vingarden Midtsommar. Her kan du få omvisning i vinhagen og smake på vinar med namn som mellom anna Tor og Lars.

To personar på birøkt

Suldalshonning

Tett på Suldalsvatnet finn ein honninggarden Suldalshonning der ein får eit innblikk i den spanande prosessen frå blom til krukke.

Festlokale i løe

Træ Gården, Sandsbygda

Trægården ligg frå Suldalslågen til Rossheinibba, 750 meter over havet. Her kan du leige stemningsfulle selskapslokale, nyte lokalt kjøt frå garden og overnatte i hytter på tunet.

SERVERNIGSSTADER

Bjørn Moe og Cecilie Jelsa på Jelsa hotell

Jelsa Hotell, Jelsa

Jelsa hotell ligg idyllisk i den best bevarte strandstaden i Ryfylke. Her får du panoramautsikt over fjorden, kortreiste spesialitetar og kjekke opplevingar.

Festlokale i løe

Træ Gården, Sandsbygda

Trægården ligg frå Suldalslågen til Rossheinibba, 750 meter over havet. Her kan du leige stemningsfulle selskapslokale, nyte lokalt kjøt frå garden og overnatte i hytter på tunet.

Bilde av hotell ved fjordkanten

Ryfylke Fjordhotell, Sand

I kommunesenteret Sand, like ved sjøkanten ved Sandsfjorden, finn du Ryfylke Fjordhotell. Hotellet har ein stor restaurant med fjordutsikt, møterom i ulike storleikar og tilbyr utleige av sykkel og kajakkar. Dei har også eigen bar og tilbyr lokale spesialitetar på menyen.

Energihotellet

Energihotellet, Nesflaten

Energihotellet er Suldal sitt eige designhotell, og tek deg med tilbake til Geir Grung si verd og kraftutbygginga på Nesflaten på 1960 talet. Hotellet gir deg panoramautsikt over Suldalsvatnet, og tett nærleik til gode naturopplevingar. I restauranten står lokale råvarer og slow food i fokus.

Mo Laksegard

Mo Laksegard, Sandsbygda

På Mo Laksegard ligg tett på lakseelva Suldalslågen, og tilbyr opplevingar som laksesafari, elveekspdisjon, villmarkscamp og gardsbryggeri. Dei serverer tradisjonsrike rettar basert på lokale råvarer.

Person som serverer mat til gjest

Kulp Bistro, Sand

Kulp Bistro kan tilby det meste ein treng av freistande matrettar. Her kan du blant anna få gode lunsjrettar, dagens heimelaga middag, nokre av verdas beste hamburgarar eller pizzabuffet.

Servering ved Brunsj

BRUNSJ, Sand

Brunsj er ein urban kafe og kaffebar som ligg midt i hjarta av Kulturhuset på Sand. Her kan du nyte ein matbit medan barna er på biblioteket og du les aviser og magasin, eller under eit av Kulturhuset sine mange arrangement.

LOKALMATUTSAL

Tre jenter framføre hekk

Jordnær - lokalmatappen

Jordnær er appen som synleggjer lokalmatprodusentar i ditt nærområde. Appen blei starta opp av tre kvinner frå Rogaland som ønskja å gjera det enklare å få tak i gode, ureiste råvarer frå eige nærområde.

Bilde av sauer på jorde

Fattnes Vestre

Tett på Hylsfjorden i Fattnes Vestre held dei ammekyr og fjellbeitende sauer, samt sin eigen bakarovn. Frå gardsutsalet deira kan du mellom anna kjøpe med deg produkt frå sau og gråfe.

To bønder som held høner

Storstova Gard

Storstova gard ligg i fjordriket Hebnes, på Ropeidhalvøya. Frå gardsutsalet deira har dei eit breitt utval av kortreiste, lokale råvarer som kjøt, egg og andre spesialitetar.

Mann ute med geiter

Landsnes Villsauprodukter

Landsnes Villsauprodukter ligg langs Økstrafjordvegen der dei frå eigne produksjonlokale tilbyr ei rekke gode produkt frå villsau, geit og storfe. Saman med Fuglestein Fruktgard har dei eit gardsutsal ved vegen.

Bønder i eplehage

Fuglestein Fruktgard

Fuglestein Fruktgard ligg idyllisk til ved Økstrafjorden og tilbyr med sine over 17,000 epletre ei rekke fantastiske produkt som mellom anna eplemost og eplegele.

Joker Vatlandsvåg, Ropeidhalvøya

Joker Vatlandsvåg er eit knytepunkt på Ropeidhalvøya der lokale og turistar samlest for dagens handel og ein god drøs på uteborda med utsikt mot fjorden og båthamna.

OM MATSKATTAR

Personar som snakkar i drivhus

Vår TV-serie!

Tv Haugaland og Ryfylkekokken besøkte ulike matskattar i Suldal frå vinteren 2021 til hausten 2022, og resultat har blitt ein spanande serie som gir deg ei innsikt i dei mange matskattane me har i kommunen vår.

Planke med lokalmat framføre bru over elv

Kva er Matskattar frå Suldal?

Matskattar frå Suldal er eit samarbeid mellom reiselivet og lokalmatprodusentar i Suldal slik at du skal kunne oppleve og smake på enda fleire lokale produkt frå vår region når du besøkjer oss.