Mann som held laks ved elva
Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Suldalsvassdraget og villaksen

Suldalsvassdraget er det lengste og mest vassrike vassdraget i Rogaland. Den øvste kjelda til vassdraget er frå breen Solfonn på Hardangervidda der Storelva renn mot sørvest til Røldalsvatnet. Herifrå renn vatnet inn i Suldal kommune via Brattlandsdalen ned til Suldalsvatnet, der Suldalslågen fører vatnet vidare ned til Sandsfjorden. Suldalsvatnet og Suldalslågen byr på ei rekke flotte naturopplevingar, der Suldal sin eigen villaks er symbolet på livet i elva.

Suldalsvatnet

Suldalsvatnet er den største innsjøen i Rogaland og ein av dei djupaste i Noreg med sine 28 km i lengda og 376 meter i djupna. Vatnet har historisk sett vore særs viktig for kommunen, då det på mange måtar har knytt saman gardane oppover Suldalsføret. I mange hundre år kom ein gjerne inn Hylsfjorden og gjekk over Hylsskardet før ein tok båten vidare til Nesflaten i nord og tok fatt på turen over fjellet. På vegen møter ein Suldalsporten som er eit av dei mest ikoniske naturmerka i kommunen. I dag går Nasjonal turistveg Ryfylke/RV13 langs vatnet, som er eit flott utgangspunkt forbåtturar og fiske.

Suldalslågen 

Suldalslågen er Vestlandet si mest vassrike elv som med sine 22 km flyt roleg og mektig frå Suldalsvatnet ved Suldalsosen ned til Sand og Sandsfjorden. Her avsluttar elva i eit breitt fossefall på fem meter, kjend som Sandsfossen. Laksen har vore trufast mot Suldalslågen gjennom alle tider, og kvart år gjentek han den same syklusen med å vandre opp heimelva si etter det som ofte har vore fleire år ute i havet. Suldalslaksen reiser faktisk så langt som til Grønland, Canada og Dei britiske øyane. I dag er Suldalslågen ei av dei beste lakseelvene i landet og trekker til seg hundrevis av sportsfiskarar kvart einaste år. Det er også mogleg å flyte nedelva på laksesafari eller i ein båt på elveekspedisjon. Ved Sandsfossen kan ein i sommarsesongen også besøke det som er Noreg sitt første laksestudio.

Les meir om Suldalslågen og fiske på suldalslagen.no.

Vasskrafta

Vasskrafta i kommunen er også grunnen til at Suldal i 1980-åra blei heimen til det største vasskraftprosjektet i Nord-Europa: Ulla-Førre-utbygginga. Dette prosjektet er mest synleg i Suldalsheiane ved vassmagasinet Blåsjø som lagrar 6prosent av det årlege norske kraftbehovet 1000 meter over havet. I sommarsesongen kjem ein opp hit med bil via anleggsvegen med namnet Blåsjøvegen. Samla består Ulla-Førre-utbygginga av 6 kraftverk/pumpeverk, 28 magasinog 100 km av overføringskablar. Suldal er også ein del av andre store kraftprosjekt som Røldal-Suldal Kraft og North Sea Link.

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Berekraft
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.