Villrein
© SVR. Foto: Ragnar Djuvik

Verneområde og villrein

Suldal er den nest største kommunen i Rogaland med sine 1735 km2, det aller meste fjell, skog og utmark. Høgfjellet i Suldal kommune blir oftast omtala som «Suldalsheiane» og er ein del av fjellområdet Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane. Her finn ein mellom anna den høgaste toppen i Rogaland, Vassdalseggi, med sine 1658,2 moh. Andre flotte toppar er Snønuten (1604 moh.) og Mælen (1574 moh). Til saman finn ein fem av dei sju høgaste toppane i Rogaland i Suldal kommune.

Om lag ein fjerdedel av arealet til kommunen er verna, og det finst til saman 14 stor eog små verneområde i Suldal. Eit av dei viktigaste særtrekka til landskapsvernområda i Suldal er villreinen, som «Dyraheio landskapsvernområde» har fått namnet sitt etter. Noreg har, som einaste land i Europa, ein levedyktig bestand av villrein. Før fanst det villrein over heile landet, men kraftutbyggingar, vegar, hyttebygging og meir har ført til at villreinen sitt område er oppdelt og avgrensa. I dag finst det totalt 23 område i landet med villrein, der høgfjella i Suldal inngår i det området som er eitt av dei viktigaste og det sørlegaste. Dette gjer at me som bur og besøkjer dette området har eit særskilt ansvar for å ferdast med omhug inn i heimen til villreinen.

Dei store landskapsvernområda i fjellet er godt tilrettelagde med rutenett og hytter i regi av Stavanger turistforening. Her finn ein mellom anna Stavanger turistforening si eldste hytte, Bleskestadmoen frå 1895, hytta ved Jonstøl som vann ein lokal byggepris i 2015, og den populære Stranddalshytta som ofte blir omtala som «Perlåi Ryfylkeheiane».

Det er oppretta eit eige verneområdestyre på tvers av kommune-og fylkesgrensene for å forvalte landskapsvernområda. Du kan lese meir omarbeidet deira på svr.no.

Gode hugsereglar

Allmannsretten gir alle rett til å ferdast i fjellet, også under jakta. Det er likevel eit knippe gode hugsereglar ein kan ta med seg for å sikre gode opplevingar som turgåar og bidra til vernet om villreinstamma. Her er nokre gode hugsereglar:

  • I nokre område er det restriksjonar på ferdsel ein periode på våren grunna trekkområde eller kalvingsområde for villrein. Oversyn finn du på denne PDF-fila.
  • Villreinenskyr folk og bør få beite i fred. Vinteren er ein flaskehals, særleg for simlene som ber kalv. Bruk kikerten flittig - kjem du på dyr så trekk deg attende og legg ruta ein annan veg.
  • Rovfugl likar ikkje forstyrring ved hekkeplassane. Hald avstand frå desse.
  • Ta gjerne med deg hunden på tur, men i perioden f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august må du halde han i band. Vær merksam på at mange kommunar har utvida bandtvang. Meir informasjon finn du på nettsidene til kommunane.
  • Sauene finn gras i heia. Du treng ikkje dele nista med dei.
  • Sporlaus ferdsel er sjølvsagd. Ta med deg søppel, følg stien, ikkje legg igjen noko og lukk grinder.
  • Å fyre bål kan vere triveleg, men hugs bålforbodet i perioden 15. april – 15.september. Ikkje hogg ned skogen for å lage bål, men bruk tørrkvist du finn på bakken eller på trea.
  • I verneområda er det forbod mot sykling, anten heia er berr eller snødekt. Når vegane er berre, kan du sjølvsagt sykle på dei.
  • Jakt og fiske er tillate, men hugs at du må ha løyve frå grunneigar (jakt- og fiskekort). Fleire av dei finn du på inatur.no.
  • Kledeg i sterke fargar i jaktsesongen.

Påvillreinsertifikatet.no kan du ta villreinsertifikatet! Dette er ein uformell kunnskapstest der du kan teste kor mykje du kan om villreinen og områda deira. Klarer du 17 av 20 riktige?

Villreinjakt

Menneske har jakta på villrein i mange tusen år, og er i dag ein viktig del av kulturarva vår. Jakta er også den viktigaste bestandregulerande faktoren i villreinområda. I Suldalsheiane startar jakta den 20. august kvart år og held fram til 30. september.

For å jakte på villrein må ein ha bestått jegerprøva, kjøpe jaktkort hjå den aktuelle grunneigaren og betale den årlege jaktavgifta. Ein må også lese seg opp på nasjonale og lokale reguleringar og føringar. I Suldal har ein fleire engasjerte jaktlag. Å ta kontakt med dei er gjerne det beste måten å kome i gong på.

Vil du vite meir?

Det finst fleire kjelder til god informasjon om villreinen. Her er nokre av dei:

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Berekraft
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.