presentasjon framføre forsamling
© Suldal Vekst

36 deltakarar på reiselivsseminar

Torsdag 5. november arrangerte arrangerte Suldal Vekst/Visit Suldal og Suldal Næringsforening reiselivsseminar ved Ryfylke fjordhotell. Gjester for dagen var Stein Ove Rolland, direktør i Fjord Norge, og reiselivssjef i Reisemål Ryfylke, Liv Jorunn Tjelmeland.

Heile 36 deltakarar møtte opp for å delta i seminaret der reiseliv, næringsliv, kommune, lag og organisasjonar var representerte. Fleire aktørar frå Sauda tok også turen til Suldal for å delta.

Seminaret starta med at ordførar i Suldal kommune, Gerd Helen Bø, ønskja velkommen før Suldal Vekst/Visit Suldal presenterte om deira arbeid. Her la ein fram informasjon om strategi, resultat og arbeid og fokus framover. Liv Jorunn Tjelmeland frå Reisemål Ryfylke og Stein Ove Rolland la fram resultat frå sommarens arbeid og den usikre situasjonen i reiselivet på regionalt nivå. Johannes C. Apon, Head of Adventure i Norwegian Experience, presenterte om moglegheiter for utvikling av fleire aktivitetar og opplevingar i Suldal, og om eit nytt strategisk samarbeid i Suldal med Mo Laksegard og Energihotellet med fokus på dette arbeidet. Bonolo Ramphomane-Aandahl, dagleg leiar ved Suldal Bad, fortalde om arbeidet ved Suldal sitt nye folkebad og turistattraksjon. Dagleg leiar ved Joker Vatlandsvåg og leiar i Reiselivsgruppa, Helge Naustvik, avslutta kvelden med ei oppsummering.

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Bransjesida