Bilde frå ein presentasjon.
Foto: Skattkammeret Suldal.

Digital workshop: Rusta for framtida! (08.04.2021)

Torsdag 8. april arrangerte Suldal Vekst/Visit Suldal og Reiselivsgruppa v/Suldal Næringsforening ein digital workshop for reiselivet i Suldal. Workshopen var sett til ei avgjerande tid der me står med den historisk mest utfordrande perioda for reiselivet bak oss og formodeleg ei tid framføre oss der me sakte, men sikkert, ser at restriksjonar blir letta og at folk nok ein gong søkjer fleire og fleire gode reiseopplevingar.

Målet for workshopen var tosiding. På den eine sida ønskja ein å samlast for å høyre om alle dei spanande prosjekta som i dag skjer i reiselivet i Suldal. På den andre sida ønska ein å opne for felles diskusjon rundt korleis reisemålet Suldal og vår felles merkevara kan arbeide for å sikre at me står best mogleg rusta i den tida me nå går i møte.

Agenda

17:00 – Velkommen til seminar (Anita Svendheim, prosjektkoordinator Suldal Vekst/VisitSuldal)

17:05 – Reiselivsgruppa v/Suldal Næringsforening (Helge Naustvik, leiari Reiselivsgruppa)

17:10 – Handlingsplan for berekraftigreiseliv og strategiplan VisitSuldal (Laila Steine, daglegleiarSuldal Vekst)

17:20 – Energihotellet: Utbygging og nye prosjekt (Olav Lindseth, eigarog daglegleiar)

18:25 -  «Suldalsalliansen» - status (Olav Lindseth)

17:30 - Suldal kommune: Rasteplassar, fiber og utbyggingsprosjekt (Torbjørn Guggedal, kommunalsjef)

17:40 – Mo Laksegard: satsing på Jelsa og på Mo (Bjørn Moe, eigar)

17:45 – Ryfylke Basecamp: nye aktivitetar(Ragnhild Narmo,driftsansvarleg)

17:50 – VisitSuldal: vertskapskurs, kulturhistoriske løyper, app, skilt, sommarsesongenog sommarkampanjar(Anita Svendheim, prosjektkoordinator Suldal Vekst/VisitSuldal)

17:55 – Fjord Expedition: på fjorden i Suldal (Øyvind Stuvik,eigarog daglegleiar)

18:00 – Suldalsbussen: Ny satsing (Per Arne Fisketjøn,daglegleiar, og Jessica Velde)

18:05 – TræGården: LOMA og lokalmat i Suldal (Lasse Eide, eigar)

18:10 – Sykkelsatsing i Suldal (Johannes Apon,prosjektleiar)

18:15 – Himom: Tretopphytter (Ingvild ErøyPrestårshus, grunder)

18:20 – Midtsommar– Vin fråHebnes (Toyni Tobekk)

18:25 – Utviklingsområde og kjerneaktivitetar:Innspeltil ny strategiplan for VisitSuldal (DISKUSJON)

18:30-45: Avslutning

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedleggTilbake til Bransjesida

Profilhandbok

Skattkammeret Suldal har ein eigen logo som skal bidra til auka merkevarebygging. Logoen består av eit ikon og eit namnetrekk.

Ikonet symboliserer både at «skattane» i kommunen stråler ut, i tillegg til at det kan symbolisere vassdråpar som igjen blir viktig kraft for industri og anna næring i kommunen.

Namnetrekket er sett i ein typografi som har eit reint uttrykk og som er godt lesbar. Namnetrekket skal symbolisere styrke og stabilitet, og vera ein kombinasjon mellom harde og mjuke former.

Logo i fargar

Logoen består av to element: symbol og namnetrekk. Logoen skal alltid bli brukt i si opprinnelige form. Fargar, skrift og avstandar skal ikkje bli endra. Namnetrekket i logo skal alltid bli brukt i 100% svart eller kvit. Logoen i fargar skal alltid stå på ein bakgrunn som gir god lesbarheit og kontrast til fargane.

Logo i ein farge

Hovudlogoen i ein farge kan bli brukt i 100% svart eller i 100% kvit.

Minstemål for bruk av logo

Logoen bør ikkje bli brukt i mindre storleik enn 15 mm breidde for at den skal vera godt lesbar på trykk. På digitale flater er minste storleik 75 pixlar breidde.

Minste avstand frå logo til andre element

For å sikre logoens eigenart bør det ikkje plasserast andre element nærmare enn feltet rundt logo, markert som stipla ramme under. Feltet er definert på alle logo versjonar i profilen.

Rett bruk

Logoen skal alltid bli brukt etter retningslinjene i denne manualen. Her følger nokre eksempel på rett og feil bruk av logo.

Rett bruk av avstand og logo
God kontrast og jamn bakgrunn
Full metting
God kontrast
Feil bruk av avstand og logo
Liten kontrast og ujamn bakgrunn
Gjennomsiktighet
Liten kontrast

Grafiske element

Fargepalett

Det er fire hovudfargar i Skattkammeret Suldal sin profil, blå, grøn, raud og oransj, samt ein nøytral svart (kvit) tilleggsfarge. Fargane er definert etter Pantone fargesystemet. Fargane kan bli prukt med 4-farge CMYK profilar til print og RGB profilar til skjermar. Fargane i profilen skal brukast i full metting og skal ikkje nedtonast.

Blå
Pantone 7686 C
C97 M77 Y14 K2
R50 G72 B134
Grøn
Pantone 390 C
C34 M13 Y100 K0
R187 G188 B47
Raud
Pantone 199 C
C7 M100 Y87 K1
R185 G22 B42
Oransje
Pantone 158 C
C2 M66 Y100 K0
R208 G111 B29
Svart
C0 M0 Y0 K100
R0 G0 B0
Kvit
C0 M0 Y0 K0
R255 G255 B255

Fontar

For å sikre eit samla uttrykk i all marknadsmateriell er det naudsynt med konsekvent bruk av same skrifttypar. Dette skapar eit ryddig uttrykk, bidreg til merkevarebygging og styrkar omdømmet. Ein bør kun bruke skrifttypane som er definert i profilhandboka. I overskrifter, ingressar og brødtekst skal skrifttypen Gotham eller den kondenserte versjonen Gotham Narrow bli brukt. Alle snitta av fonten kan bli brukt. Under viser eit utval snitt. Til intern bruk, og i tilfelle kor det ikkje er mogleg å bruke hovud skrifttypen, skal skrifttypen Arial bli brukt.

Gotham Bold
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
12345678910
Gotham Book
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
12345678910
Gotham Light
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
12345678910
Gotham Narrow Bold
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
12345678910
Gotham Narrow Book
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
12345678910
Gotham Narrow Light
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
abcdefghijklmnopqrstuvwxyzæøå
12345678910

Skattkammeret Suldal tag

I profilen er det utforma ein tag. Tag skal i hovudsak bli brukt av kommune og offentlege aktørar, men kan og bli brukt av næringsliv og private aktørar som ønsker å profilere Suldal i marknadsføring. Fleire tag'ar skal ikkje bli brukt saman/på same produkt. Typografi, form og fargar skal ikkje endrast. Ein kan bruke alle fargeversjonane av tag som vist her. Minste anbefalt storleik for tag er: Trykk = 20 mm breidde. Digitalt = 80 pixlar breidde.

Andre språk

Skattkammeret Suldal tag på andre språk kan bli brukt i marknadsføring spissa mot internasjonale målgrupper. NB! På produkt med fleire språk i tillegg til norsk, skal i hovudsak tag på norsk bli brukt. Typografi, form og fargar skal ikkje endrast. Ein kan bruke alle fargeversjonane av tag som vist her.

Eksempel på bruk

For at Skattkammeret Suldal tag skal bli oppfatta som eit merke og ikkje ein logo, skal den alltid plasserast langs øvre kant på eit dokument eller eit bilete. Tag skal ikkje plasserast i nærleik til eigen aller annan logo. Tag bør i størst mogleg grad bli brukt saman med hovudlogoen, då det vil koble elementa saman og bidra til auka merkevarebygging. Under er nokre eksempel på bruk og plassering av tag elementet. Eksempla bruker grafiske element og fargar frå Skattkammeret Suldal sin profil.

Plassering langs øvre kant på utfallande bilete
Plassering langs øvre kant på eit dokument
Plassering langs øvre kant på bilete i ramme

Eksempel på bruk i fleirspråkleg marknadsføring
Bruk av Skattkammeret Suldal tag på andre språk skal gjerast i tråd med gitte retningslinjer på føregåande sider. Eksempla under viser bruk av tag på einspråkleg og fleirspråklege produkt.

Plassering langs øvre kant på utfallande bilete
Plassering langs øvre kant på utfallande bilete
Plassering langs øvre kant på bilete i ramme

Fargeblokk

Fargane er viktige verkemiddel i den visuelle identiteten til Skattkammeret Suldal. Dei komplimenterer bilete og knyter dei grafiske elementa til profilen. Fargane kan bli brukt som bakgrunnar, til tekstblokker, til framheving av tekst eller som støtteelement til overskrift. Alle hovudfargane i profilen kan bli brukt som dekorelement. Fargane kan brukast i kombinasjonar som gjev god nok kontrast for lesbarheit, og balanse med bilete og andre element.

Bruk av profilfarge som bakgrunn
Bruk av profilfargar som støtteelement til overskrift og framheva tekst
Bruk av profilfarge som tekstblokk

Biletarkiv

Bruk av bilete med unike motiv knytt til Suldal er ein viktig del av identitetsbygginga i Skattkammeret Suldal sin profil. Bileta skal vere i god høgoppløselig kvalitet og i størst mogleg grad tatt av profesjonelle fotografar. Under er nokre eksempel på bilete som inngår i profilen.

Eit online biletarkiv for Skattkammeret Suldal blir administrert Næringshagen i Ryfylke. For tilgong til arkivet og nedlasting av bilete, ta kontakt på post@nhryfylke.no.

Bilete frå tema «Reiseliv»

Bilete frå tema «Matskattar»

Bilete frå tema «Grender og handel»

Bilete frå tema «Næringsliv»

Eksempel på bruk

Trykksaker

Eksempel under viser bruk av Skattkammeret Suldal logo, tag og element frå profilen i trykksak for Suldal kommune.

Eksempel under viser bruk av Skattkammeret Suldal logo, tag og element frå profilen i marknadsføring av reiselivet i Suldal.

Nettside og sosiale medium

Eksempel viser bruk av Skattkammeret Suldal logo, tag og element frå profilen på digitale flater.

Storformat

Eksempel viser bruk av Skattkammeret Suldal logo, tag og element frå profilen i skilting og merking.

Office malar

Eksempel viser bruk av Skattkammeret Suldal logo, tag og element frå profilen i Microsoft Office malar.

Last ned profilhandboka
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.