Bilde av turkart
© Suldal kommune

Nye turkart lansert

I forkant av sommarsesongen 2020 blei det utvikla nye turkart for Ropeidhalvøya, Nesflaten, Sand og Suldalsosen. I turkarta får ein informasjon om eit utval av gode turruter i den aktuelle grenda, i tillegg til generell informasjon om gode opplevingar i området. Karta får ein tak i på Suldal turistinformasjon og utvalde butikkar.

Turkarta er utvikla for ei og ei grend, og blir oppdaterte regelmessig. Kvalitetssikring av løyper i grendene og val av ruter som blir promtoterte blir administrert av grendeutvala under Suldal kommune for å sikre lokal forankring. Ønskje om utvikling av nye turar kan bli kommunisert til det aktuelle grendeutvalet.

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Bransjesida