Mann i solnedgang i høgheia
Solnedgang © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Om Visit Suldal

Visit Suldal er ei merkevare, ein portal og dagleg administrasjonssenter for reisemålet Suldal. Suldal Vekst er ansvarleg utviklar og eigar i samarbeid med Suldal kommune og reiselivsgruppa til Suldal Næringsforening.

Våre hovudoppgåver

Visit Suldal har følgjande hovudoppgåver:

1. Å etablere ei sterk merkevare og identitet for reisemålet Suldal.

2. Å fremje tilbod og aktivitetar over heile kommunen til besøkjande, med fokus på aktørar som er medlem i Reiselivsgruppa til Suldal Næringsforeining.

3. Å vera ein pådrivar for utvikling av reiselivstilbod som styrkjer Suldal og regionen som destinasjon.

Visit Suldal fokuserer på å styrkje Suldal som eit heilskapleg reisemål og skal i hovudsak ikkje drive direkte sal mot reiseaktørar eller enkeltpersonar. Visit Suldal skal i slike tilfelle referere til reiselivsbedrifter og andre aktørar.

Visjon

Suldal skal vera eit føretrekt reisemål for berekraftig og framtidsretta turisme med fokus på villaks, vasskraft, kraftarkitektur, vill natur, rik kultur og livlege bygdesentrum.

Misjon

Å auke reiselivet si verdiskapning i Suldal kommune.

Verdiar

Visit Suldal har følgjande kjerneverdiar:

• Berekraftig

• Nyskapande

• Personleg

• Høg kvalitet

• Påliteleg og nær

Målgruppene

Visit Suldal har eit fokus på å bygge reisemålet nedanfrå og opp. Ein tek utgangspunkt i den fastbuande for å sikre lokal forandring for merkevara, og bygger vidare ut mot hyttesuldølen og nærmarknaden som har valgt Suldal som eit fast reisemål. Saman med regionen sine destinasjonsselskap set også Visit Suldal ein fokus på den nasjonale og internasjonale marknaden.

Den fastbuande.

Framtidas brand er avhengige av å vera autentiske og lokalt forandra for å ha den kredibiliteten ein treng i ein krevjande marknad, og merkevara til eit turistdestinasjon må difor først og fremst vera forankra i dei fastbuande. Vidare er den fastbuande ein sterk bidragsytar og stor potensiell kunde for lokale tenester og tilbod.


Hytteturisten.

Hytteturisten har allereie valt Suldal som ein fast destinasjon og har interesse i å investere i lokalt reiseliv og næringsliv. Som merkevare er hytteturisten difor ei målgruppe det er lett å knyte seg opp til for å sikre at informasjon om lokalmarknaden er tydeleg kommunisert og promotere lokale aktivitetar og arrangement.


Den norske turisten.

I tråd med større berekraftperspektiv og eit aukande fokus på norsk reiseliv har nordmannen blitt meir og meir bevist på å utforske eige land. Med kortreiste feriar og opplevingar som skil seg frå den reisande sin heimstad kan ein tiltrekke seg regionale og nasjonale turistar.

Den internasjonale turisten.

Saman med destinasjonsselskap og VisitNorway har Suldal eit fokus på å promotere kommunen og regionen ut mot ein internasjonal marknad gjennom prosjekt, kommunikasjon og deling av gode opplevingar. Ein er vidare vertskap for gjennomreisandeog arbeider for å sikre at formidling står i tråd med produkt.

Kjerneforteljingar

Våre kjerneforteljingar står for Suldal sine spydspillar og unike salgspunkt som me ønskjer skal kjenneteikne Suldal som reisemål. Desse forteljingane er som følgjer:

Villaks. Villaksen i Suldalslågen har gitt Suldal status i verdsklasse til å formidle lakseopplevingar, noko som vidare styrkja av å vera heim Noregs første laksestudio og ei av lakseelvene i verda det er mest forska på, ei rik og fargerik laksehistorie og ei rekke aktivitetar knytt til elva og vatnet.

Arkitektur.Suldal har eit unikt mangfald av arkitektoniske skattar med kraftarkitektur, moderne arkitektoniske verk og tradisjonsrik byggeskikk. Dette mangfaldet er særs uvanleg for små bygdesamfunn og gir Suldal ei unik posisjon på den nasjonale og internasjonale marknaden.

Rikt og levande kulturliv. Suldal har eit unikt kulturtilbod til å vera ein kommune med mindre folketal med fokus på vidareformidling av kulturarv, samtidig som ein tilfører moderne arbeid. Dette gjer Suldal til ein flott stad å dyrke kulturinteresser.

Vasskraft.Som eit resultat av ei rekke kraftutbyggingar og det faktum at Suldal i dag står for 8% av Noregs kraftproduksjon gir Suldal ei særskild posisjon til å formidle arbeidet med å finne knytepunktet mellom fornybar grøn energi og ivaretaking avvillaksog vill natur i ei tid der berekraft har stor interesse.

Vill natur. Suldal sin rike og ville natur styrkjer kommunen sin status ut mot besøkjande. Her finn ein mellom anna Rogalands djupaste innsjø, nokre av dei høgste fjelltoppane i fylket, fleire fjordarmar, Vestlandets mest vassrike elv, buldrande fossar, eit rikt turnettverk og mange fiskevatn- og elvar.

Levande bygdesentrum. Suldal er spreidd utover ei rekke mindre grender, alle med sine eigne unike tilbod. Her kan ein utforske kraftarkitektur, lakseelver, kyrkje frå 1600—talet og heimen til vikinghovdingen Torstein av Heimnes.

Hovudpilarar

Våre hovudpilarar underbyggjer alle våre kjerneforteljingar og kommunikasjon frå merkevara Visit Suldal. Hovudpilarane dannar grunnlaget for det me står for som eit reisemål.

Berekraft.Suldal skal vera eit berekraftig reisemål der menneske og miljø står i sentrum. VisitSuldal skal arbeide for å utvike og promotere eit reisemål der natur og lokalsamfunn ikkje tek skade av auka trafikk inn til kommunen, noko som vidare vil løfte opplevinga også til besøkjande.

Heilårig.Suldal skal vera eit attraktivt reisemål heile året, og VisitSuldal skal arbeide for å utvikle og kommunisere eit mangfald av opplevingar og tilbod gjennom alle årstider.

Høg kvalitet. Suldal skal levere reiselivstilbod og opplevingar av høg kvalitet, og VisitSuldal skal arbeide for å utvikle og vidareformidle eit bilde av Suldal som svarer til forventningane.

Personleg.Nærleik og personlege møte står i sentrum i kommunikasjonen til Suldal for å reflektere ei teneste og servicenæring som tek det personleg å gje besøkjande ei god oppleving.

Aktiv.Suldal er eit aktivt reisemål med ei rekke gode tilbod innanfor kultur, natur og handel i alle grender gjennom heile året. VisitSuldal skal vera ein samleportal som gjer dette opplevingane lett tilgjengelege for besøkjande.

Utanføre allfarveg. Suldal skal vera ein destinasjon skal legge til rette for aktive opplevingar utføre dei store turistsentra. VisitSuldal skal promotere eit reisemål der ein har rom for å senke pulsen og vere til stades her og no.

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Bransjesida