Vertskap framføre hyttetun
Reiselivsmedlem © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Reiselivsgruppa

Reiselivsgruppa er organisert som ei ressursgruppe under Suldal Næringsforening med eige styre og retningslinjer. Føremålet til reiselivsgruppa er å arbeide for å fremja turistnæringa og utvikle turist- og reiseliv i Suldal kommune.

Fokusområder

Reiselivsgruppa har som føremål å arbeida for å fremja turistnæringa og utvikle turist- og reiselivet i Suldal kommune. Ein skal arbeide for:

  • Å trekkja turistane til kommunen gjennom god marknadsføring av Suldal som ein attraktiv og interessant kommune å feriera i.  
  • At turistane som kjem til Suldal ønskjer å bli her lengst mogleg. Dette ved å tilby eit mangfald av tilbod lett tilgjengeleg med høg kvalitet og god service.
  • Eit godt samarbeid med andre reiselivsorganisasjonar i regionen, for å dra felles nytte av arbeid som blir utført.  
  • Å vere ein ressurs for reiselivet i Suldal slik at flest mogleg reiselivsverksemder ser det føremålstenleg å søkje medlemsskap i reiselivsgruppa.
  • Å skapa eit godt samarbeidsforhold mellom medlemmene
  • Å arbeida for ei marknadsretta produktutvikling
  • Å delta i og initiere reiselivsutviklingsprosjekt

Kontaktinformasjon

Helge Naustvik

Leiar i Reiselivsgruppa
Tel: 971 41 349
E-post: joker.vatlandsvag@joker.no

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Bransjesida