Design for gåvekort
© Suldal Næringsforening

Suldalskortet - gåvekortet for heile Suldal!

I desember lanserer Suldal Næringsforening eit nytt gåvekort som har fått namnet «Suldalskortet».

Suldalskortet er den perfekte gåva eit familiemedlem, til den som ønskjer seg ei oppleving i Suldal eller til den som har alt.  Med kortet kan ein sjølv velje fritt blant alle verksemdene som er med på ordninga. Her kan ein ta med seg dei næraste på ei god oppleving, ein kan fornye klesskap og heimen, ein kan kjøpe ulike tenester, ein kan ta med familien på ein betre middag og ein kan unne seg ein kortferie ved ein av våre flotte overnattingsstader.

Suldalskortet er ei ordning som er tilgjengeleg for alle private verksemder og kommunale organisasjonar i Suldal. Målet er auka verdiskaping og merkevarebygging for alle næringar i kommunen. Så langt er heile 22 verksemder med på ordninga.

– «Me ønskjer at Suldalskortet skal gjera det enklare å bruke heile næringslivet i Suldal. Ønskjer du å gi noko til nokon du er glad i er dette kortet perfekt då mottakar sjølv kan velje kvar ein skal bruke det» sier Olav Lindseth, leiar i Suldal Næringsforening.

Frå lanseringsdato får ein kjøpt Suldalskortet ved utvalde utsalsbutikkar i kommunen og via visitsuldal.no. Suldalskortet fungerer som gåvekort elles, og ein vel ein sjølv kva sum kortet skal vera på. Etter kjøp får ein eit fysisk kort som ein kan pakke inn og gi bort. Mottakar kan då sjølv velje fritt blant alle butikkane som deltek i ordninga, og kan også dele summen mellom ulike verksemder om ein ønskjer.

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Bransjesida