


Jelsa hotell opna våren 2022, og ligg sentralt til i det som er den best bevarte strandstaden i Ryfylke: Jelsa. Hotellet har moderne fasilitetar og lokale innslag, med ein fantastisk utsikt til strandstaden og fjordriket rundt. Hotellet er utstyrt med dobbelt-rom, twin-rom, juniorsuite og universalrom. Jelsa hotell tilbyr også møterom.
Området tilbyr ei rekke flotte aktivitetar til lands og på vatnet. Her kan du utforske flotte turstiar, leige båt, få ein guida padletur i Økstrafjorden, besøke fruktgardar og få ei omsyning i strandstaden med tur innom til Jelsa kyrkje og skulemuseet. Jelsa kyrkje frå 1600-talet er eit av dei flottaste kulturminna i regionen.
I restauranten på hotellet har dei fokus på lokale råvarer med ein moderne vri, alt etter kva som er i sesong. Her kan du mellom anna få servert lokalt kjøt frå Landsnes, frisk eplemost frå fruktgarden like ved og søte jordbær frå Jelsa sin eigen Jordbær-produsent. Restauranten til Jelsa hotell held også ope for dei som ikkje overnattar på hotellet med kjekke aktivitetar og herlege menyar på utvalgte dagar. Sjekk ut nettsida til Jelsa hotell for opningstider og bestilling!

Opplev Ryfylke Fjordhotell i Sand, eit perfekt utgangspunkt for fjordutsikt, kultur og aktivitetar. Nyt lokale delikatesser og eventyrlige opplevingar!

Utforsk Energihotellet på Nesflaten - en unik blanding av designarv og natur, tilbyr lokal matkultur og uforglemmelige opplevelser ved Suldalsvatnet.

Børkjenes Gard, med sine historiske bygg og idylliske naturomgjevnadar, set den perfekte ramma for selskapet. Anten du ønskjer å nytte lokale til festleg lag, bedriftstur eller bryllaup får de ei oppleving heilt utanom det vanlege!

Utforsk Mo Laksegard i Suldal for enestående lakseopplevelser, lokal mat og unike overnattingsmuligheter ved Suldalslågen. Perfekt for natur- og matentusiaster.