Frå:
25/6/2025
12:00 pm
Sand
Til:
28/6/2025
9:00 pm
Skattkammeret Suldal / Foto: Lise Bjelland
Skattkammeret Suldal / Foto: Lise Bjelland

Matskattar frå Suldal på Gladmat 2025

Velkommen til Suldal sitt telt i Vågen under årets Gladmat!

Totalt 13 ulike aktørar frå Suldal er klare for å gi deg sommarens beste smaksoppleving. Frå grisebonden som starta opp Rogaland sin første vingard, baristaen frå vårt eige kaffibrenneri, tradisjonsbakaren som serverer etter bestemor si oppskrift og ureiste råvarer frå våre mange Suldals bønder. Her får du alt frå street food til tradisjonsbakst, rettar frå grillen, lokale kryddermiksar og mykje anna godt.

Maten blir kombinert med Suldalsdråpar frå vårt eige kaffibrennneri, gardsbryggeri, vingard og fruktgard. Me kallar det Matskattar frå Suldal!

ROTERANDE MENY – ALLTID NOKO NYTT! Hjå oss står småskalaproduksjon i fokus, der Suldalskokkane frå våre restaurantar og kafear komponerer rettane direkte på standen, etter kva råvarer me har tilgjengeleg. Det blir difor oppdatert og ny meny kvar dag gjennom festivalen – slik at du heile tida blir servert nye smakskombinasjonar frå Skattkammeret Suldal! I tillegg til dette tilbyr me årets Gladmatrett «Med kjærleik frå Suldal», dette blir ein kombinasjon av alle smakssansane. Søtt, surt, sprøtt og mjukt – kom innom vår stand for å teste!  

DAGLEG POP-UP RETT – VAR TIDLEG UTE! Kvar dag klokka 12:00 under Gladmat 2025, vil me servere ei ny smaksoppleving til dei første 50 som besøkjer teltet vårt. Her gjeld det å var tidleg ute! Følg Visit Suldal på sosiale medier for lansering av morgondagens meny og vår daglege pop-up rett.

Ikkje berre kan du smaka deg gjennom Suldal, men også gjennom Ryfylke! I Vågen står me saman med erfarne produsentar frå Hjelmeland. Der har me felles serveringstelt med eit mangfald av makelause smakar frå kommunane våre.

La besøket til Suldals-teltet berre vera starten på smakseventyret i Suldal, med omvisning hjå våre produsentar, besøk til våre gardsutsal og lokale smakar hjå våre kafear og restaurantar! Sommarferien startar på visitsuldal.no.

Stad:
Sand
/
Skagenkaien 3, 4006 Stavanger
Arrangementet starter:
25/6/2025
, klokka
12:00 pm
Arrangementet slutter:
28/6/2025
, klokka
June
Prisar:
Arrangementet starter:
25/6/2025
, klokka
12:00 pm
Arrangementet slutter:
28/6/2025
, klokka
9:00 pm
Type arrangement:
Mat
Festival
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Visit Suldal
Telefon:
E-post:
suldal@visitsuldal.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.