Bli med Myhre juletregard og Hebnes vingard på ein inspirerande laurdag i triveleg førjulslag, der du får lage din eigen julekrans.
Laurdag 29. november opnar me dørene til Vinstova på Hebnes, der Lena og Toyni er klare til å ta i mot deg som har lyst til å vera med på ein juleverkstad med skyhøg kosefaktor!
Du får:
Grankrans og material til å pynte med
Tips, hjelp og rettleiing undervegs
Lett servering
God drøs og julestemning
Me har alt du treng av tenger, bindetråd og anna utstyr, og me har både naturmateriale og glitter og glam til å pynte med! Perfekt aktivitet for juleglade og sosiale folk i alle aldrar.
Sans for julekrans:
Stad: Hebnes vingard, Hebnesvegen 1795, 4235 Hebnes
Tid: Laurdag 29. november 12.30 - 15.00
Pris: 650,- (Pris inkluderer granskransen og alt du treng av pynt, samt eitt glas av gardens julegløgg og ost, nøtter og frukt.)
Påmelding: Bindande påmelding ved kjøp av billett på hebnesvingard.no/produkter/sans-for-krans
Lena frå Myhre juletregard står for kransinspirasjon og yter god hjelp med desse. Toyni fra vingarden står for servering. Kosefaktoren ordnar me saman!