I 1883 fann ekteparet Walter og Alice Archer Suldalslågen, og året etter hadde Walter kjøpt fiskeretten for 40 år, frå Roalkvam til Jelsa. Han freda laksen, og bestanden auka. Etter dei kom fleire engelskmenn som bygde lakseslott langs elva, og mange suldølar fekk arbeid som tenestefolk og roarar.
Historietips
Sjå lakseslotta som framleis står i landskapet. Lindum på Suldalsosen er i dag campingplass.
Les meir om historia til elva i Laksestudio, som er ope i sommarsesongen.
Sjå laksen gå opp Hålandselva (freda) eller kjøp fiskekort for Ullaelva på inatur.no.
Ein artig detalj: suldølane i teneste hjå engelskmennene kravde minst ein dag i veka utan laks på menyen.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.