Storslått natur, idylliske grender og rike lokale mattilbod gjev ei god ramme for kurs og konferansar i Suldal. Her kan de kombinera møte med besøk hjå lokale matprodusentar, rusleturar og teambuilding på lokale gardar. Fleire av overnattingsstadene har eigne møte- og konferanselokale.
Konferansetips
For store grupper: Ryfylke Fjordhotell har møterom for 5–300 personar med utsikt over Sandsfjorden, og Kulturhuset i Suldal har storsal for 300, amfi for 150 og profesjonelt AV-utstyr.
For mindre grupper: Energihotellet (opptil 35), Jelsa Hotell (35), Mo Laksegard (33) og Hanakamsneset Gard (20).
Vil de ha noko annleis? Børkjenes Gard har historisk lokale for opptil 100 personar, og TræGården byr på kveldsarrangement med lokal mat og vikingleiker.
Ryfylke Fjordhotell og Suldal Hotell ligg begge i Sand sentrum, nær båtkaien. Treng de hjelp med å finna rett lokale? Kontakt oss på suldal@visitsuldal.no.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.