Sandsahytta ligg i eit tradisjonelt stølslandskap ved det store, regulerte Sandsavatnet, der det ligg fleire stølar rundt vatnet. Hytta er sjølvbetjent, har 44 senger på 12 soverom og er eigd av Stavanger Turistforening.
Hyttetips
Gå inn frå Blåsjøvegen ved Osane, om lag 5,4 km og 2 timar éin veg. Du kan òg starte frå Osen ved Sandsavatnet eller frå Kvilldal.
Ta med mat. Hytta har gass, vedfyring og stearinlys, men ikkje straum eller proviantlager.
Gå toppturar til Napen, Reinsnuten og Svinstølnuten. Medlemer i STF kan fiske i Sandsavatnet.
Hytta er open heile året, men ikkje tilrådd om vinteren, då det er farleg å ferdast på det regulerte vatnet. Betal med betalingsfullmakt på hytta eller i DNT-appen.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.