Ropeidhalvøya

Grytenuten. © Skattkammeret Suldal Foto: Lise Bjelland

Velkommen til vikingløypa!

Vikingløypa på Ropeidhalvøya er ei interaktiv løype der du kan lære meir om vikinghistoria i området og kvardagslivet på Ropeidhalvøya.

Turen tek deg langs det flotte Grytevatnet, som er ein flott spasertur tett på flott natur. Langs løypa finn du ulike QR-punkt, og ved å scanne desse vil få opp ein video eller eit lydklipp som gir deg eit lite glimt av av historia til Halvøya. Du veljer sjølv om du ønskjer å ta heile løypa, eller om du vel ut ruter innanfor tema du interesserer deg for. Du kan bruke kartet her på sida, i appen vår eller du kan hente eit kart på Suldal turistinformasjon.

KVA ER EIGENTLEG EI KULTURLØYPE?

Målet med kulturløypene i Suldal er å gi fastbuande og besøkjande ei lita innsikt i den rike historia til dei ulike grendene våre, og kommunen som ein heilskap. I form av QR-punkt ønskjer me å sikre at alle får den same gode opplevingane og kan ta del i dei same gode historiene, uansett når på året ein kjem på besøk.

Denne løypa er berre ei av fleire spanande kulturhistoriske løyper i Suldal. I kommunesenteret Sand kan du ta Sand safari løypa der du får høyre meir om historia til strandstaden. Kulturløypa på Jelsa vil fortelje deg den spanande historia bak Jelsa kyrkje og skulehuset som står her.

Kulturløypene i Suldal er eit samarbeidsprosjekt mellom Suldal kommune, Suldal Vekst, Visit Suldal, Kulturhuset i Suldal v/ drama, Ryfylkemuseet, grendeutvala i kvar enkelt grend og ei rekke andre lokale krefter.  

APP

Løypa er tilgjengeleg i appen «Visit Suldal» som du kan lasta ned gratis i App Store. Appen kan du bruka til å skanne QR-punkta på skilta langs løypa, og få meir informasjon om staden du er på.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.