mann ved joker-logo
kjøpmann med kunder
Joker Vatlandsvåg © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Joker Vatlandsvåg © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
mann ved joker-logo
Joker Vatlandsvåg © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Joker Vatlandsvåg, Ropeidhalvøya

Båt & sjøliv
Bubil og camping
Fiske
Næring
Fjell
Vandring
Joker Vatlandsvåg er eit knytepunkt på Ropeidhalvøya der lokale og turistar samlest for dagens handel og ein god drøs på uteborda med utsikt mot fjorden og båthamna.

Eit naturleg samlingsstad på Halvøya

Ein flott nærbutikk i idylliske Vatlandsvåg der du kan få tak i alle dagligvarer, i tillegg til det lille ekstra som dagens bakverk og fersk sjømat. Du finn også lokale handverksprodukt, fiskeutstyr, bilpleie, båtutstyr, hagereiskap og er Felleskjøpet-forhandlar med såfrø, hunde- og kattemat, plantejord og meir. Dei held apotekvarer, drivstoff/gass og har pakkelevering for Posten og Postnord.

Båthamn og aktivitetstilbod

I tilknytning til butikken har dei ei Vatlandsvåg båthamn med bensinpumpe, moderne sanitæranlegg, straum og vatn. Dei kan tilby utleige av båt, SUP-brett og e-sykkel med mange flotte sykkelmoglegheiter i jamnt terreng på lite trafikkerte vegar.

Arrangement og lokalmat

Første laurdagen i fellesferien arrangerer dei Halvøydagen, ein marknads- og aktivitetsdag for store og små. Joker Vatlandsvåg har også fokus på ureiste, lokale råvarer, og i butikken deira kan du ofte finne sal av ulike produkt frå ulike produsentar i Suldal og regionen generelt.

Joker Vatlandsvåg, Ropeidhalvøya

Sesong: Heile året. Eksta lange opningstider i sommarsesongen. til engelsk


Joker Vatlandsvåg, Ropeidhalvøya
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.