Personar som snakkar i drivhus
To personar på eit kjøkken
© Tv Haugaland
© Tv Haugaland
Personar som snakkar i drivhus
© Tv Haugaland

Vår TV-serie!

Serveringsstad
Tv Haugaland og Ryfylkekokken besøkte ulike matskattar i Suldal frå vinteren 2021 til hausten 2022, og resultat har blitt ein spanande serie som gir deg ei innsikt i dei mange matskattane me har i kommunen vår.

Matskattar gjennom heile året

Jula 2021 gjekk startskotet gå for serien om  «Matskattar i Suldal» på TV Haugaland. Her får ein innblikk i gode mattradisjonar og -produkt frå Suldal. Serien er eit av fleire initiativ som har kome som eit resultat av eit styrkja samarbeidmellom reiselivet og lokalmatprodusentane i Suldal. Serien er støtta av Suldal kommune, Suldal Vekst, Suldal Næringsforening og privat næringsliv.

 

I jula  var TV-teamet på besøk til mellom anna Mo Laksegard, Hanakamneset Gard, Vikane hyttetun, Velbekomme og Bentes Himabakst. Me fekk og med oss lokale tradisjonsberarar som fortalde om lokale juletradisjonar i grendene i Suldal. Det blei servert alt frå juleøl, utegris-ribbe, Suldalslefse, potetkaker, Suldalsaure og hovost for å nemne noko. I 2022 vil det bli laga 8 episodar til, der tema vil vere mat og opplevingar utover i årstidene. Frå lemming og fiske til hausting av frukt og bær og  jakt.  Samstundes naturopplevingar og gamle så vel  som nye mattradisjonar i Suldal.

Vinter

 

 

Vår

Sommar

Haust

Vår TV-serie!

Vår TV-serie!
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.