Vindafjorden, Foto: Karl Ohm

Fiske i fjorden

Suldal ligg tett på fleire fjordar i indre Ryfylke, med gode fiskemoglegheiter og mange ulike fiskeartar. Du treng ikkje fiskekort for å fiske i fjorden, men du må halde avstand til elveutløp og kjenne reglane for freda artar. Meir informasjon finn du på inatur.no og hjå Statsforvaltaren.

Fisketips

  • Gode fiskeplassar er Hydrokaien på Sand, Hylen langs Rv13, Jelsa kai, Erfjord kai og Vatlandsvåg kai.
  • Alle kaiane har parkering like ved og støypt kai heilt fram til fjordkanten.
  • Merk: utanfor Suldalslågen er det freda sone der alt fiske etter laks og sjøaure er forbode heile året. Saltvassfisk er lov meir enn 100 m frå grensa mellom elv og sjø.

Vis omsyn til andre som fiskar rundt deg.

No items found.

Fleire tips

Filtrer tips etter kategori

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.