Krossvatn turisthytte ligg midt i Dyraheio landskapsvernområde, i det tradisjonelle jaktområdet til suldølane. Hytta er sjølvbetjent med proviantlager, står ulåst og har 16 senger og 12 madrassar på hemsen.
Hyttetips
Gå inn på ein dagsmarsj frå Jonstølen, Stranddalen eller Vassdalstjørn, eller følg den varda ruta frå Krossvasskilane via Breiavahytta.
Fisk i vatna rundt hytta, eller gå toppturar til Nøvlenuten (1235 moh.) og Grønafjell (1414 moh.).
Sjå dei gamle dyregravene ved Nøvletjørn og i Leirdalen.
Hytta er open heile året, men utanfor sesongen kan det vere lite proviant, og bruene kan vere tekne inn. Betal med betalingsfullmakt eller i DNT-appen.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.