Oversiktsbilete av Krossvatnhytta i flott norsk natur.
Krossvatnhytta © Stavanger Turistforening. Foto: Odd Inge Worsøe.

Krossvatn Turisthytte

Krossvatnhytta ligg omkransa av fiskerike vatn, så ikkje gløym å ta med fiskestanga! Du kan også nå mektige fjelltoppar på dagstur i frå hytta. Hytta ligg midt i hjartet av Dyraheio Landskapsvernområde i det tradisjonelle jaktområdet for Suldaølen.

Krossvatnhytta er ei sjølvbetjent hytte med proviant lager og er tilgjengeleg heile året. Hytta står ulåst. Ver berre merksam på at det kan vere lite proviant og at bruer kan vere tekne inn. Det kan lønne seg å ta kontakt med Tursenteret i Stavanger Turistforening om du planlegg tur utanfor sesong.

Det er 16 faste senger i hytta, men 12 ekstra lause madrasser på hemsen. Hausten 2015 vart det bygd ny sikringshytte. Betaling skjer ved å fylle ut betalingsfullmakt som ligg på hytta, eller ved å laste ned DNT- appen før avreise.  

Fine tur moglegheitar til dyregraver ved Nøvletjørn og Leirdalen. Toppturar til Nøvlenuten ( 1235 moh.), Grønafjell ( 1414 moh.).

Til Krossvatnet kan du komme ved ein dags marsj ifrå Jonstølen, Stranddalen eller frå Vassdalstjørn. Det går også varda rute (ikkje raudmalt) frå Krossvasskilane via Breiavahytta til Skreivassdammen i nordenden av Blåsjø. Herifrå er det enkel anleggsveg til Øvre Moen. (Unngå å kjøre inn om det er fare for snø når du skal heim att).

Krossvatn Turisthytte
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);