Stranddalen er den mest populære turisthytta i området og blir ofte kalla «Perla i Ryfylkeheiane». Hytta ligg 1000 moh. og er betjent i sommarsesongen, med vertskap som serverer heimelaga mat av lokale råvarer, mellom anna trerettars middag og komlemiddag fleire gonger i veka.
Hyttetips
Start frå Øvre Moen i Gullingen-området. Stien går bratt opp før han flatar ut mot hytta, om lag 5 km og 2–3 timar.
Vil du ha jamnare terreng, start frå Kvilldal.
Hytta har alkohollisens, så du kan kjøpe drikke til maten.
Hytta er open heile året, men berre betjent om sommaren. Bestill på booking@stranddalshytta.no eller les meir på stranddalen.dnt.no.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.